Kvalsund kommune

kommune i Finnmark
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Kvalsund.

Kvalsund (nordsamisk Fálesnuori gielda, kvensk Valasnuoran komuuni) var ein kommune i dåverande Finnmark fylke. Kommunen vart del av Hammerfest i 2020. Kommunesenteret låg i tettstaden Kvalsund. Kommunen hadde 1 101 innbyggarar i 2008. Hovuddelen av Kvalsund kommune ligg på fastlandet, men til kommunenen høyrer og delar av øyane Kvaløya og Seiland. Kvaløya har fastlandstilknytning over Kvalsundbrua.

Kvalsund kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Adm.senter Kvalsund
Areal 1 844 km²
 •  land 1 748 km²
 •  vatn 96 km²
Målform bokmål
Ordførar Ragnar Olsen (Ap)
Kommunenr. 2017
Kart
Kvalsund
70°29′56″N 23°58′26″E / 70.498972222222°N 23.973944444444°E / 70.498972222222; 23.973944444444
Kart som viser Kvalsund kommune.
Kart som viser Kvalsund kommune.
Kart som viser Kvalsund kommune.
Wikimedia Commons: Kvalsund (former municipality)
Nettstad: www.kvalsund.kommune.no

Historie

endre

Folketalsutvikling

endre

Folketalsutvikling for Kvalsund kommune frå 1920:

1.12.1920[1] 1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3] 1.1.1961[3] 1.1.1971[3] 1.1.1981[3] 1.1.1991[3] 1.1.2001[3] 1.1.2010[3]
1223a 1579a 1877a 1906a 1844a 1777 1714 1360 1110 1026
a Dette talet omfattar ikkje eit område som vart overført frå Måsøy kommune til Kvalsund kommune i 1963. Dette området hadde då 34 innbyggjarar.

Næringsliv

endre

Fiske, tilverking og omsetting av mellom anna torsk, er viktige næringsvegar.[4]

Det vart vunne ut kopar i området fram til 1931. På 1970-talet vart mineralet utvunne igjen ei stund. Det vart gjeve konsesjon for ny koparutvinning på slutten av 2010-talet,[4] med løyve til lagring av gruveavfall på botn av Repparfjorden.[5]

Fotnotar

endre
  1. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Folkemengd i Kvalsund 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  4. 4,0 4,1 Trond Dalfest; Svein Askheim. «Kvalsund». Store norske leksikon. Henta 6. august 2019. 
  5. Espen Sandmo; Ellen Flå. «Vil ha mer gruvedrift i Norge – må akseptere inngrep i naturen». NRK. Henta 6. august 2019. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
  NODES