Langfjella er ei nemning på den sørlegaste delen av Dei skandinaviske fjella, der dei deler Sør-Noreg på langs. Dei går frå frå Heiane i sør til Jotunheimen i nord. Fjellkjeda deler Sør-Noreg i to, Vestlandet og Austlandet. Dei dekkjer bortimot 20 forskjellige fjellområde.

Langfjella (i grønt) og Jotunheimen vist på kart over Sør-Noreg.

Omgrepet «Langfjella» blir særleg brukt innan vêrvarsling, då det ofte er eit vêrskilje ved fjella. Området aust for Langfjella blir då ofte omtalt som «Austafjells» eller «Østafjells». Omgrepet er også mykje brukt i geografi, fordi Langfjella utgjer eit vasskilje.

Langfjella er ein rest av Den kaledonske fjellkjeda.

Kjelder

endre
  Denne geografiartikkelen som har med Noreg og meteorologi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
  NODES
mac 1