London School of Economics

London School of Economics and Political Science, som regel kalla London School of Economics og forkorta LSE, er eit spesialuniversitet[1] i London, knytt til University of London. Det ligg i Houghton Street i det sentrale London, tvers over Aldwych og ved sida av Royal Courts of Justice. LSE er ein av verdas leiande samfunnsvitskaplege institusjonar og blir rangert som eit av dei beste universiteta i verda.[2] Studieprogramma omfattar både økonomi, andre samfunnsvitskapar og jus.

London School of Economics

Hovudinngangen ved LSE

MottoRerum cognoscere causas
Grunnlagt1895
StadLondon, City of Westminster
Studentar9 218 (ukjend)
MedlemskapORCID
Nettstadhttps://www.lse.ac.uk/ (engelsk)
Kart
London School of Economics
51°30′50″N 0°07′00″W / 51.513888888889°N 0.11666666666667°W / 51.513888888889; -0.11666666666667

Den nasjonale undersøkinga Research Assessment Exercise i 2008 viste at LSE kom på delt andreplass (saman med Oxford), og var Storbritannias beste universitet innan bl.a økonomi, antropologi, jus og Europastudium. Ei anna undersøking plasserte LSE som beste forskingsuniversitet i Storbritannia. I følgje undersøkinga var 35 % av dei vitskapleg tilsette forskarar i verdsklasse, mot 32 % for Oxford og Cambridge.

Skulen er mellom anna kjent som sentral innan utviklinga av sosialantropologi. Kjende personar innan faget, som t.d. Maurice Bloch og Jonathan Parry har arbeidd der.

Politisk har studentmassen ved LSE pleidd å vere meir venstreorientert enn tilfellet er ved andre eliteuniversitet som Oxford og Cambridge, men dette endra seg på 1960-talet då den dåverande rektoren Walter Adams freista å endre på dette. Anthony Giddens, tidlegare rektor ved LSE, blir rekna som skaparen av Third Way-filosofien som har vorte følgt av Tony Blair og Bill Clinton.

Studentmassen ved LSE er svært internasjonalt samansett.

Referansar

endre
  1. New highlights, arkivert frå originalen 27. august 2006, henta 19. desember 2009 
  2. The Guardian – A time-honoured tradition

Bakgrunnsstoff

endre
  NODES
INTERN 1