Luftrøyret (dessutan kjend som trachea og trakea) er eit røyr som går frå strupehovudet rett nedover halsen mot lungene. Det kløyver seg ved den nedre enden av brystbeinshandtaket til dei to hovudbronkiane, som vidare kløyver seg i tynnare greiner og endar som bronkiolar før lungeblærene byrjar.

Luftrøyr

Klassifikasjonar og ressursar
MeSHD014132
Anatomien til luftrøyret hjå menneske.

Hjå vaksne er luftrøyret kring 10–12 centimeter langt med ein diameter på 10–15 millimeter. Det er eit elastisk bindevevsrøyr spent ut av hesteskoforma bruskbøylar med opningane attover mot matrøyret. På innsida er luftøryret dekt av slimhud med flimmerhår. Glatt muskulatur regulerer vidda av luftrøyret slik at matrøyret får plass til å vida seg ut under svelging.

Kjelder

endre

«luftrøret» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 6. februar 2016.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Luftrøyr
  Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
  NODES
os 1