Luis Buñuel
Luis Buñuel Portolés (22. februar 1900–29. juli 1983) var ein spansk-meksikansk filmskapar, fødd i Calanda i Spania, død i Mexico-byen. Han vert rekna som ein av dei mest nyskapande filmfolka i det 20. hundreåret.
Luis Buñuel | |
Statsborgarskap | Spania, Mexico |
Fødd | 22. februar 1900 Calanda |
Død | |
Yrke | filmregissør, manusforfattar, skodespelar, filmklyppar, skribent, komponist, lyrikar, filmprodusent, fotograf, regissør |
Språk | spansk |
Medlem av | American Academy of Arts and Sciences |
Religion | ateisme |
Far | Leonardo Buñuel González |
Ektefelle | Jeanne Rucar |
Partnar | Concha Méndez |
Luis Buñuel på Commons |
Buñuel vart i mellomkrigstida kjend som ein surrealistsk filmregissør. Saman med Salvador Dalí, og ei surrealist-gruppe i Paris, med André Breton som den fremste, skapte han ei ny form for spelefilm. Det mest kjende verket frå den tida er filmen Un chien andalou (Ein andalusisk hund) frå året 1929. Eit sentralt tema i filmane til Buñuel er borgarskapet og den tanketome og kjenslelause striden det fører for å vidareføre leveviset sitt. Noko filmar som Mordarengelen (El ángel exterminador) frå 1962 og Borgarskapets diskrete sjarm (Le charme discret de la bourgeoisie) er gode døme på. Sistnemnde film vart tildelt Oscar-pris for 1972.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Luis Buñuel» frå Wikipedia på tysk, den 18. mars 2017.