Macrinus
romersk keisar
Macrinus (164–218) var romersk keisar frå 217 til 218. Han var av nordafrikansk ætt («maurar») og pretorianarprefekt under keisar Caracalla. Han kom til keisarmakta ved at han fekk Caracalla drepen under eit felttog til Mesopotamia og seg sjølv kunngjord som keisar etter dette.
Macrinus | |||
| |||
Fødd | 164 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Cherchell | ||
Død | 218 | ||
Dødsstad | Kappadokia | ||
Føregangar | Caracalla | ||
Etterfølgjar | Elagabal | ||
Gift med | Nonia Celsa | ||
Dynasti | det severiske dynastiet | ||
Born | Diadumenianus |
Macrinus miste sjølv makta etter at Julia Maesa, morsyster til Caracalla, introduserte Elagabal i ein militærleir som ein ekte son av Caracalla. Elagabal var i røynda son av eine dottera til Maesa, men den romerske hæravdelinga stilte seg bak kravet til Elagabal på trona. Macrinus evna ikkje å slå ned denne oppreisten og vart drepen ikkje lenge etterpå.
Kjelder
endre- Jon W. Iddeng (2018). Romerrikets historie - keisertida 2. Dreyers Forlag Oslo. s. 324-25, 522. ISBN 978-82-8265-448-7. Wikidata Q127526259.