Metallica er eit heavy metal-band frå San Francisco i USA. Dei går under sjangeren thrash metal og får ofte æra for å ha laga sjangeren. Svært mange meiner at Metallica er det beste heavy-bandet gjennom tidene.

Metallica

Aktiv1981–
Sjangerthrash metal, heavy metal
PlateselskapWarner Bros. Records, Megaforce Records, Elektra Records, Vertigo Records, Mercury Records, Universal Music Group, Virgin EMI Records
PrisarRock and Roll Hall of Fame, Grammypris for beste Metal-band

Per i dag består bandet av:

Av desse er det berre Hetfield og Ulrich som har vore med frå byrjinga.

Historie

endre

Bandet vart danna i 1981 av James Hetfield (gitar/vokal) og Lars Ulrich (slagverk). Dei sette ut ei annonse og fekk med seg bassist Ron McGovney. Tidleg i 1982 vart også Dave Mustaine (sologitar) med. Ikkje så lenge seinare droppa Ron McGovney ut, og Cliff Burton vart den nye bassisten.

Bandet reiste til New York, der dei fekk eit par spelejobbar, og ikkje lenge etter signerte dei ei kontrakt med Megaforce Records. Like etterpå bestemte Hetfield og Ulrich seg for oppførselen til Dave Mustaine var for aggressiv grunna problem med alkohol og narkotika, og dette var meir enn bandet kunne takle. Difor sendte dei han ut av bandet. Dave Mustaine fekk seinare stor suksess med sitt eiget band, Megadeth. I staden for han fekk dei inn gitarist Kirk Hammet

I 1983 gav dei ut albumet Kill 'em all. Dette vart ikkje ein slåande suksess, men dei fekk ei vaksande gruppe av tilhengjarar. Eit år seinare kom Ride the lightning ut. På dette albumet kom den rolege heavyballada Fade to black, som skilte Metallica ut frå andre trashmetall-band.

Etter at Ride the lightning signerte Metallica kontrakt med Elektra Records. På dette plateselskapet spelte dei inn plata Master of puppets, som vart gjennombrotsalbumet. Songane Master of Puppets og Welcome home (Sanatarium) vart spelt litt på radioen, og bandet vart spurt om å opne for Ozzy Osbourne. Albumet klatra opp til nr. 29 på Billboard-lista. Dette albumet vert i dag rekna som eit av dei beste heavy-albuma nokon sinne.

27. september 1986, under ein Europa-turne, vart Cliff Burton drepen nær Ljungby i Sverige, i ei bussulukke. Sjølv om bassisten deira vart borte så brått, bestemte resten av bandet seg for å fortsetje. Ikkje lenge etterpå kom det til ein ny bassist, Jason Newsted. Med Newsted på plass avslutta Metallica turneen, og gav ut EPen Garage days Re-revisited, for å teste ut talentet til Newsted.

...And justice for all, som er det første studio-albumet utan Cliff Burton, vart gitt ut i 1988. Dei fekk sin første grammy-nominasjon for albumet, men prisen gjekk uventa til Jethro Tull albumet Crest of a Knave. Det var og på denne tida at Metallica laga sin første musikkvideo, for songen One.

I 1991 kom albumet Metallica ut (populært kjent som The black album). Dette er Metallica sitt mestseljande album, og er nr. 26 av dei mest selde albuma i USA. Den mest kjende songen deira, Enter Sandman er frå dette albumet.

Etter suksessen med The black album tok Metallica ei pause fram til 1995. Dei byrja å skrive songar att, og intensjonen var å gje ut ein dobbel-cd. Likevel avgjorde dei å dele prosjektet, og gje ut halvparten av songane først. Dette vart albumet Load som kom ut i 1996. Ikkje lenge etterpå kom oppfølgjaren ReLoad. På desse albuma var lyden ganske endra frå dei første albuma. I følgje musikkjournalistar var tempoet bytta ut, og blues-rytmar og slide-gitar var blitt meir med. Desse albuma selde dårlegare enn dei tre føregåande.

I 1998 gav Metallica ut dobbel-cden Garage Inc.. Den fyrste cden inneheldt nye coverlåtar, og den andre låtar dei tidlegare hadde laga cover av.

7. mars 1999 kom Metallica inn på walk of fame i San Francisco. Dette vart sett til offisiell Metallica-dag i San Francisco. Ein månad seinare spelte Metallica ein stor konsert saman med San Francisco Symphony Orchestra. Dette resulterte i dobbelt-albumet S&M, som står for Symphony and Metallica.

I 2001 gjekk Jason Newsted ut av bandet. Same året forsvann James Hetfieldtil rehabilitering for alkoholmisbruk. Metallica var bokstaveleg talt ute av drift i eit heilt år. Hetfield kom attende, men han kunne berre jobbe fire timar om dagen, og skulle vere resten av tida med familien. Sakte men sikkert jobba trioen seg framover med å lage nye songar og spele inn til eit nytt album. Arbeidet med plata vart filma, og finst i filmen Some kind of monster. Samstundes heldt dei audition for ein ny bassist, og Robert Trujillo fekk plassen. I 2003 kom albumet St. Anger ut.

Diskografi

endre

Kill 'Em All

  • 25. juli 1983
  • Songar: Hit the Lights, The Four Horsemen, Motorbreath, Jump in the Fire, (Anesthesia) - Pulling Teeth, Whiplash, Phantom Lord, No Remorse, Seek & Destroy og Metal Militia.


Ride the Lightning

  • 16. november 1984
  • Songar: Fight Fire With Fire, Ride the Lightning, For Whom the Bell Tolls, Fade to Black, Trapped Under Ice, Escape, Creeping Death og The Call of Ktulu.


Master of Puppets

  • 21. februar 1986
  • Songar: Battery, Master of Puppets, The Thing That Should Not Be, Welcome Home (Sanitarium), Disposable Heroes, Leper Messiah, Orion og Damage, Inc.


Garage Days Re-Revisited


...And Justice For All

  • 25. august 1988
  • Selde til gull i Noreg
  • Songar: Blackened, ...And Justice For All, Eye of the Beholder, One, The Shortest Straw, Harwester of Sorrow og Dyers Eve.


Metallica (The Black Album)

  • 12. august 1991
  • Selde til platina i Noreg
  • Songar: Enter Sandman, Sad But true, Holier Than Thou, The Unforgiven, Wherever I May Roam, Don't Tread On Me, Through the Never, Nothing Else Matters, Of Wolf and Man, The God That Failed, My Friend of Misery og The Struggle Within.


Load

  • 4. juni 1996
  • Selde til platina i Noreg
  • Songar: Ain't My Bitch, 2x4, The House Jack Built, Until it Sleeps, King Nothing, Hero of the Day, Bleeding Me, Cure, Poor Twisted Me, Wasting My Hate, Mama Said, Thorn Within, Ronnie og The Outlaw Torn.


ReLoad

  • 18. november 1997
  • Songar: Fuel, The Memory Remains, Devil's Dance, The Unforgiven II, Better Than You, Slither, Carpe Diem Baby, Bad Seed, Where the Wild Things Are?, Prince Charming, Low Man's Lyric, Attitude og Fixxxer.


Garage Inc.


S&M

  • 23. november 1999
  • Songar cd 1: The Ecstasy of Gold, The Call of Ktulu, Master of Puppets, Of Wolf and Man, The Thing That Should Not Be, Fuel, The Memory Remains, No Leaf Clover, Hero of the Day, Devil's Dance og Bleeding Me.
  • Songar cd 2: Nothing Else Matters, Until it Sleeps, For Whom the Bell Tolls, - Human, Wherever I May Roam, The Outlaw Torn, Sad But True, One, Enter Sandman og Battery.


St. Anger

  • 5. juni 2003
  • Selde til platina i Noreg
  • Songar: Frantic, St. Anger, Some Kind of Monster, Dirty Window, Invisible Kid, My World, Shoot Me Again, Sweet Amber, The Unnamed Feeling, Purify og All Within My Hands.

Death Magnetic

  • 2008

Hardwired... to Self-Destruct

  • 2016

72 Seasons

  • 2023

Bakgrunnsstoff

endre
  NODES
Done 1
eth 3
jung 1
jung 1
News 4
orte 2
see 4