Michael Eneramo
Michael Eneramo (fødd 26. november 1985 i Kaduna) er ein nigeriansk fotballspelar som har spela for Espérance i den tunisiske fotballigaen. Han har òg landskampar for Nigeria.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 26. november 1985 | ||
Fødestad | Kaduna | ||
Høgd | 187 cm | ||
Posisjon | Angrepsspelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Espérance | ||
Ungdomsklubbar | |||
-2004 | Lobi Stars | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2004- 2004-06 2007- |
Espérance USM Alger (lån) Al-Shabab (lån) |
70 (37) 24 (13) 7 (3) | |
Landslag | |||
2009- | Nigeria | 6 (2) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga ‡ Landslagsmål oppdatert 7. juli 2009 |
Eneramo begynte karrieren sin i klubben Lobi Stars. I 2004 vart han oppdaga av den tunisiske toppklubben Espérance Sportive de Tunis. Han vart lånt ut til USM Alger i Algerie frå 2004 til 2006, der han skåra 13 mål i den algeriske toppdivisjonen. I 2007 var han med på å vinna serien og cupen i Tunisia med Espérance. Frå juli til desember same året var han lånt ut til klubben Al-Shabab i Riyadh i Saudi-Arabia.
Eneramo vurderte å ta tunisisk statsborgarskap for å kunna spela for det tunisiske landslaget, men dette vart ikkje noko av. I 2009 vart han for første gong kalla inn til ein nigeriansk A-landslagstropp, og han debuterte for Nigeria 11. februar 2009 mot Jamaica. I den andre landskampen sin skåra han mot Irland.
Kjelder
endre- Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk wikipedia 6. mai 2010.