Monopol
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå brettspelet Monopol.
Monopol (av gresk monos, ein, og polein, å selje) tyder i økonomien at ein part har skaffa seg herredøme over sal. Særmerke for monopol er mangelen på konkurranse.
Monopol kan dannast ved at ein einaste person eller føretak kontrollerer ein ressurs, til dømes Rockefeller-monopolet i USA på slutten av attenhudretalet. Monopol kan òg dannast av staten dersom han ønskjer å kontrollera ei vare, som i Noreg, der Vinmonopolet einerett (og dermed herredøme) på sal av sprit og vin.