Namsvatnet (sørsamisk Nååmesjenjaevrie) er ein innsjø i Røyrvik kommune i Trøndelag fylke. Elva Namsen danna tidlegare det viktigaste utløpet, men ved reguleringa i 1959 vart han demd opp (garder måtte då fråflyttast), og tunnel lagd ned til Vektaren. Vatn kjem til via Orvasselva frå Orvatnet, samt frå elva Vierma som kjem frå sjøen Vierma. Namsvatnet har røye, aure og ørekyte.

Namsvatnet
innsjø
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Kommune Røyrvik
Høgd over havet 440-454 moh.
Areal 39,44 km²
Middeldjupn 28 m
Største djupn 84 m
Volum 1,10 km³
Kystlengd1 73,76 km
Koordinatar 65°00′58″N 13°45′53″E / 65.01611°N 13.76472°E / 65.01611; 13.76472
Kart
Namsvatnet
64°59′51″N 13°34′33″E / 64.9974°N 13.5759°E / 64.9974; 13.5759
Wikimedia Commons: Namsvatnet
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

I dag er turistverksemd ein viktig aktivitet. Via 9 km båttransport frå Namsvassgrenda til nordenden av vatnet kjem ein til Børgefjell nasjonalpark. Der finn ein òg «Kristi Krybbe», ei villmarkskyrkje (fjellkapell) mykje brukt i sommarhalvåret.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Trøndelag å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
  NODES