Nellikslekta
planteslekt
(Omdirigert frå Nellik)
- For krydderet nellik, sjå nelliktre.
Nellik (Dianthus) er ei slekt blomar i nellikfamilien. Plantane er staudar med motsette, vaksdekte blad. Blomane sit på enden av bladberande stenglar, og mange har sterk lukt, som kan minna om lukta til kryddernellik. Fleire nelliksortar veks i Noreg.
Nellikslekta | |
Engnellik (Dianthus deltoides) | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Nellikordenen Caryophyllales |
Familie: | Nellikfamilien Caryophyllaceae |
Underfamilie: | Caryophylloideae |
Stamme: | Caryophylleae |
Slekt: | Nellikslekta Dianthus L., 1753 |
Nellikblomane har alle fem kronblad som ofte har frynsete kantar. Blomane kan ha ulike fargar, men ulike styrkar av rosa er vanleg.
-
Dianthus plumarius, hagefjørnellik
-
Dianthus gratianopolitanus, pinsenellik
-
Dianthus superbus, strandnellik
-
Dianthus giganteus