Nikolaj II av Russland

Nikolaj II (18. mai 186816. juli 1918), òg kalla «den siste tsaren», var tsar av Russland frå han etterfølgde faren Aleksandr III i 1894 til han abdiserte den 15. mars 1917.

Nikolaj II av Russland

Fødd18. mai 1868
FødestadPusjkin, St. Petersburg
Død17. juli 1918
DødsstadJekaterinburg
GravstadPeter- og Pauluskatedralen
Gift medAlexandra av Hessen-Darmstadt
DynastiHolsten-Gottorp-Romanov
FarAleksander III av Russland
MorMaria Fjodorovna
BornOlga Nikolajevna av Russland, Tatjana Nikolajevna av Russland, Maria Nikolajevna av Russland, Anastasia Nikolajevna av Russland, Aleksej Nikolajevitsj, kronprins av Russland

Nikolaj II vart fødd i St. Petersburg. Han høyrde til fyrstehuset Romanov. Mora, Maria Fjodorovna, var fødd prinsesse Dagmar av Danmark og var dotter av kong Kristian IX av Danmark og dronning Louise av Hessen-Kassel. Ho var tante både til dronning Maud av Noreg og kong Haakon VII av Noreg.

Nikolaj vart avsett som tsar i samband med den russiske revolusjonen. Han vart avretta saman med kona si, tsarina Alexandra av Hessen-Darmstadt, og dei fem borna deira den 16. juli 1918 i Jekaterinburg.

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Nikolaj II av Russland
  Denne historieartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
  NODES