Norn
- Denne artikkelen handlar om språket. For skikkelsane frå norrøn tru, sjå norner.
Norn | ||
Klassifisering: | indoeuropeisk germansk nordisk vestnordisk norn | |
Bruk | ||
Utdøydd: | 1800-talet | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2: | gem | |
ISO 639-3: | nrn |
Norn (ei samandraging av adjektivet «norrøn») er eit nordisk språk som vart tala på Shetland, Orknøyane og Hebridane[1] før skotsk byrja ta over på 1400-talet. Norn var til liks med islandsk og færøysk eit vestnorsk utflyttarspråk, utgått frå norrønt, og høyrer saman med islandsk, færøysk og norsk til dei vestnordiske språka. Det var i bruk av somme heilt fram til 1800-talet, og vi finn restar att i ordforråd og namn, men i dag er norn rekna som eit utdøydd språk.[1]
Kjelder for norn
endreEi folkevise på norn, «Hildinakvadet», vart skriven ned av G. Low i 1774.[1] Det mest omfattande vitskaplege arbeidet er gjort av Jakob Jakobsen, og hans arbeid dannar utgangspunkt for mykje av den seinare forskinga på norn.
Grammatikk
endrePå grunn av mangel på kjelder finst det ingen presise oversikter over lydverket i norn. Ut frå dei fåe skriftlege kjeldene ser ein mange likskapar med dialektar i sørvestnorsk. Det gjeld overgang frå /p, t, k/ til [b, d, g] før eller mellom vokalar og ein overgang frå /θ/ og /ð/til [t] og [d]. Morfologien var relativt lik dei andre vestnordiske språk; substantiv hadde to numerus, tre kjønn og fire kasus, medan verbbøyinga var tilsvarande lik.
Kvifor døydde norn ut?
endreMichael Barnes peikar i «The Norn Language of Orkney and Shetland» (1998) på at visse domene vart tapte tidlegare enn andre. Jakob Jakobsens granskingar i Det norrøne sprog på Shetland (1897) viser at norn heldt seg lengst i intimsfæren og i tradisjonelle domene som fiske og landbruk; norn overlevde derimot ikkje moderniseringa. Ein viktig bakgrunn for at norn ikkje overlevde moderiniseringa, var at Shetland og Orknøyane på 1400-talet kom under skotsk herredøme, seinare under britisk styre, og at kontakten med den nordiske språkfellesskapen fall vekk. Innflytting av skottar var saman med allmenne økonomiske og politiske vilkår med på å fremje skotsk som språk. Seinare kom engelsk inn som hovudspråk.
I ein freistnad på å liva opp att norn er det laga eit språk som vert kalla «nynorn».[2]
Språkdøme
endreOrknøysk norn (Wallace, 1700).
|
Shetlandsk norn (Low, 1774).
|
Færøysk (Þorvaldur Bjarnarson, 1878).
|
Norrønt
|
Islandsk
|
Norsk (nynorsk)
|
Kjelder
endreDenne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Litteratur
endre- Michael P. Barnes: The Norn Language of Orkney & Shetland. Shetland Times 1998. ISBN 1-898852-29-4 (72 sider, den einaste monografien om norn)
- Gillian Fellows-Jensen: Scandinavian influence on the place-names of England, i: Ureland/ Broderick (Hrsg.): Language Contact in the British Isles. Tübingen 1991 337–354.
- Jakob Jakobsen: An Etymological Dictionary of the Norn Language in Shetland. 2 Band. London/Copenhagen 1928-32 (Nytt opplag 1985).
- O. Werner: Die Erforschung des Inselnordischen, Zeitschrift für Mundartforschung Supplement, NS 6, 2: 459–519. (1968).