Nynorskordboka
Nynorskordboka er ei ordbok for nynorsk som i tillegg til rettskriving inneheld ordsoge og kortfatta leksikalske fakta. Ho har funnest som trykt bok sidan 1986, som nettordbok sidan noko før 1995[1] og som app (Ordbøkene) sidan 2017.
Arbeidet med ordboka tok til i 1974, og første utgåva kom i 1986, parallelt med Bokmålsordboka. Nye utgåver kom i 1993, 2001 og 2006. Ordboka er gjeven ut på Det Norske Samlaget, men vart tilverka av Seksjon for leksikografi og målføregransking ved Universitetet i Oslo i samarbeid med Språkrådet.
Nynorskordboka på nett vart utvikla av Universitetet i Oslo i samarbeid med Språkrådet. I september 2016 overtok Universitetet i Bergen som samarbeidspartnar med Språkrådet.[2]
Redigeringa av førsteutgåva var fordelt slik:
Magne Rommetveit | Føreord, innleiing og brukarrettleiing |
Sigurd Nordlie og Dagfinn Worren | a - bowlingspelar |
Dagfinn Worren | br - cøliakisk |
Laurits Killingbergtrø og Marit Hovdenakd | |
Laurits Killingbergtrø | e - g |
Laurits Killingbergtrø og Sigurd Nordlie | h |
Sigurd Nordlie | i |
Laurits Killingbergtrø og Sigurd Nordlie | j |
Dagfinn Worren og Arne Lauvhjell | k |
Marit Hovdenak | l - n |
Dagfinn Worren | o |
Arne Lauvhjell og Magne Rommetveit | p - r |
Dagfinn Worren | s |
Arne Lauvhjell og Sigurd Nordlie | t - toårskontrakt |
Dagfinn Worren | trabelere - triårs |
Laurits Killingbergtrø | tro - uåte |
Dagfinn Worren | v |
Sigurd Nordlie | w - å |
Håvard Hjulstad | EDB-opplegg |
Nettutgåve 2012-
Oddrun Grønvik, redaktør 2012-14
Terje Svardal, redaktør 2017-
Christian-Emil Ore, UiO: IT-format
Kjelder
endre- ↑ Jan Hoel (2010), «Edle årganger i ny tapning», Språknytt 3
- ↑ Universitetet i Bergen overtek ordbøkene, arkivert frå originalen 17. september 2016
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad
- Digitaliserte utgåver av Nynorskordboka hjå Nasjonalbiblioteket
- Presentasjon av Nynorskordboka hjå Samlaget