Olivenkronefamilien

familie av sporvefuglar

Olivenkronefamilien er ein biologisk familie av fire artar mellomstore sporvefuglar med utbreiingsområdet i Mellom-Amerika og Sør-Amerika.

Olivenkronefamilien
Raudnebbtanagar, Lamprospiza melanoleuca Foto: Doug Janson
Raudnebbtanagar, Lamprospiza melanoleuca
Foto: Doug Janson
Utbreiing
Utbreiinga av olivenkronefamilien
Utbreiinga av olivenkronefamilien
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar
Underorden: Passeri
Familie: Olivenkronefamilien Mitrospingidae
2012

Dei fire artane var tidlegare medlemmer av tanagarfamilien, Thraupidae, men frå 2017 er sett inn i sin eigen familie med det vitskaplege namnet Mitrospingidae.[1]

Fjørdraktene til tre av artane er gjennomgåande i olivengrønt til gult, raudnebbtanagar skil seg ut med sin drakt i svart og kvitt. Alle artane er knytt til relativt fuktige og lågtliggande skogshabitat, tepuiolivenkrone opptil 1800 moh. Dette er standfuglar. Dei er klassifiserte som globalt livskraftige, LC, av IUCN.

Artslista

endre

Olivenkronefamilien i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2019[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]

Slekt Mitrospingus
  • Maskeolivenkrone, Mitrospingus cassinii, Dusky-faced Tanager, Lawrence, 1861, (LC)
Kroppslengde på 18 centimeter, lever langs atlanterhavskysten av Mellom-Amerika sør for Mexico, sør til Colombia og sørover langs stillehavskysten til nordlege delar av Ecuador.
  • Tepuiolivenkrone, Mitrospingus oleagineus, Olive-backed Tanager, Salvin, 1886, (LC)
Ca 19 cm i kroppslengd. Lever i et avgrensa tepui-område rundt trestatsgrensa Brasil, Venezuela, Guyana.
Slekt Lamprospiza
  • Raudnebbtanagar, Lamprospiza melanoleuca, Red-billed Pied Tanager, Vieillot, 1817, (LC)
Kroppslengde på 17-18 cm, kjenneleg med svart overside, kvit underside og raudt nebb. Stort utbreiingsområde frå austlege Peru tvers over Amazonas av Brasil til nordaustre Brasil og Guyanaregionen.
Slekt Orthogonys
  • Klortanagar, Orthogonys chloricterus, Olive-green Tanager, Vieillot, 1819, (LC)
18-19 cm. Lever nokså kystnært langs atlanterhavskysten av søraustre Brasil, omtrent mellom Rio de Janeiro og sørover til kysten av delstaten Santa Catarina.

Kjelder

endre
  • del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Oppslag på artar i Mitrospingidae, Lynx Edicions, Barcelona. Henta 21. desember 2019
Referansar
  1. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2014), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Updates & Corrections – August 2017, page 652, Mitrospingidae (Mitrospingid Tanagers, Cornell Lab of Ornithology, henta 21. desember 2019
  2. Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; S. M. Billerman; B. L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks. (august 2019), eBird/Clements Checklist v2019 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 22. desember 2019 
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Olivenkronefamilien
  NODES