Onegabukta
Onegabukta (russisk Онежская губа - Onezjskaja guba eller Онежский залив - Onezjskij zaliv) er ei bukt i Kvitsjøen nordvest i Russland, sørvest for Arkhangelsk. Ho har ei lengd på 185 km og ei breidd på 50-100 km. I snitt er ho 16 meter djup og 36 meter på det djupaste.
Elvane Onega, Kem og Vyg munnar alle ut i bukta. Det finst mange øyar i bukta og den største og mest kjende av desse er Solovetskijøyane. På vestkysten ligg byen Belomorsk og munningen av Kvitsjø-Austersjø-kanalen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Onega Bay» frå Wikipedia på engelsk, den 12. juli 2008.