Organell
Organellar er lekamar inni celler som utfører forskjellige oppgåver. Namnet organell tyder 'lite organ', og organellane speler liknande roller i ei celle som organ gjer i større organismar. Organellar finst som strukturar i cytoplasmaet hos både eukaryote og prokaryote celler. Døme på organellar er til dømes kloroplastar som driv fotosyntese i plantar, mitokondriar, lysosomar, peroksisomar og cellekjerner.