Passaren
Passaren (frå latin Circinus) er eit lyssvakt stjernebilete på den sørlege himmelhalvkula, først definert i 1756 av den franske astronomen Nicolas Louis de Lacaille. Den mest lyssterke stjerna er Alfa Circini, med ein tilsynelatande storleik på 3,19. Ho er noko variabel, og den raskaste oscillerande Ap-stjerna på nattehimmelen. AX Circini er ein kefeide som er synleg for det nakne auga, og BX Circini er ei lyssvak stjerne ein trur har blitt danna av at to kvite dvergar har slått seg saman. To sol-liknande stjerner har planetsystem: HD 134060 har to små planetar, og HD 129445 har ein Jupiter-liknande planet. Supernova SN 185 oppstod i Passaren i 185 evt og vart observert og registrert av kinesiske observatørar. To novaer er blitt oppdaga i nyare tid, på 1900-talet.
Passaren | |
---|---|
Latinsk namn | Circinus |
Forkorting | Cir |
Genitivsform | Circini |
Symbologi | Namngitt av la Caille |
Rektasensjon | 15 h |
Deklinasjon | −60° |
Areal | 93 kvadratgrader nr. 85 av stjernebilda |
Stjerner sterkare enn mag. 3 |
0 |
Sterkaste stjerne | α Cir (3,2. mag.) |
Meteorsvermar |
Ingen |
Tilgrensande stjernebilde |
|
Synleg mellom breiddegradane +10° og −90° | |
Mjølkevegen går gjennom stjernebiletet, og det har objekt som den opne hopen NGC 5823 og den planetariske tåka NGC 5315. Passaren har ein kjend spiralgalakse, Passargalaksen, som vart oppdaga i 1977 og er den nærmaste Seyfertgalaksen til Mjølkevegen. Alfa Circinidane (ACI) er ein meteorsverm som òg vart oppdaga i 1977, som stråler ut frå dette stjernebilete.
Karakteristikk
endrePassaren grensar til Kentauren, Fluga, Paradisfuglen, Det sørlege triangelet, Vinkelhaken og Ulven og ligg like ved Alfa og Beta Centauri. Dei offisielle grensene til stjernebiletet vart teikna av Eugène Delporte i 1930, og er definert av ein polygon med 14 segment.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Circinus» frå Wikipedia på engelsk, den 3. juli 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: