Pasvikelva
elv i Norge, Russland og Finland
Pasvikelva (russisk Патсойоки, Patsojoki, eller Паз, Paz, finsk Paatsjoki, samisk Báhčeveaijohka) er ei elv som renn frå innsjøen Enare i Finland og munnar ut i Varangerfjorden. Elva er 145 km lang, og 112 km av elva dannar riksgrensa mellom Noreg og Russland. Elva drenerer eit nedbørsfelt på 18 404 km². Vassdraget vert rekna som det nest største i Noreg etter Glomma, sjølv om storparten av nedbørsfeltet ligg i Finland.
Pasvikelva | |||
elv | |||
Harefossen i Pasvikelva, nokre kilometer sør for Boris Gleb. Biletet er tatt mot nordaust og Russland ligg på andre side av elva.
| |||
Land | Finland, Noreg Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 18 404 km² | ||
Lengd | 145 km | ||
Middelvassføring | 180 m³/s | ||
Kjelde | Enare i Finland | ||
• høgd | 118 moh. | ||
Munning | Varangerfjorden | ||
• høgd | 0 moh. | ||
Pasvikelva 69°40′53″N 30°06′37″E / 69.68135°N 30.11035°E | |||
Wikimedia Commons: Paatsjoki |
Bøkfjordbrua kryssar elva i Sør-Varanger.