Phil Chess
Philip «Phil» Chess (fødd 27. mars 1921 som Fiszel Czyż, daud 18. oktober 2016) var ein USA-amerikansk plateprodusent og direktør som i lag med broren skipa Chess Records.[1]
Phil Chess | |||
Fødd | 27. mars 1921 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Motal i Polen (no Kviterussland) | ||
Død | 18. oktober 2016 (95 år) | ||
Dødsstad | Tucson i Arizona i USA | ||
Fødenamn | Fiszel Czyż | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1950–1972 | ||
Sjanger | Chicago blues, elektrisk blues, blues, rock and roll, R&B, soul | ||
Plateselskap | Chess | ||
Verka som | Platedirektør | ||
Prisar | Grammy Trustees Award |
Karriere
endreChess vart fødd i landsbyen Motal som i ligg i dagens Kviterussland.[2] Han flytta med familien til faren i Chicago i 1928. Familien byta namn til Chess, og Lejzor vart Leonard medan Fiszel vart Philip.[3]
Phil og Leonard dreiv ein populær klubb i Chicago, Macomba Lounge. to år seinare vart Leonard partner i Aristocrat Records, eit lokalt selskap som spelte inn all slags musikk,[4] og Phil kom med i 1950. Selskapet endra namn til Chess Records og dei byrja å fokusere på R&B-musikk, og signerte og spelte inn musikk med artistar som Muddy Waters, Bo Diddley, Sonny Boy Williamson (Rice Miller), Robert Lockwood jr., Etta James, Willie Dixon, Howlin Wolf og Chuck Berry.[5][6] Phil Chess var aktivt involvert og produserte mange av blues og rock and roll-innspelingane deira. Selskapet deira hadde stor suksess i 1950-åra og tidleg i 1960-åra og vart i 1968 seld til GRT.
Chess var òg med-skipar av L & P Broadcasting i lag med broren. Dette føretaket dreiv radiostasjonen WSDM.[7]
Phil Chess trekte seg attende til Arizona i 1972.[8] Phil og Leonard Chess vart begge innlemma i Blues Hall of Fame som ikkje-utøvarar i 1995.
Chess døydde i heimen sin i Tucson i Arizona, 95 år gammal.[9][5]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Phil Chess» frå Wikipedia på engelsk, den 29. juni 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Broven, John (2010). Record Makers and Breakers: Voices of the Independent Rock 'n' Roll Pioneers. USA: First Illinois Paperback. s. 499. ISBN 978-0-252-03290-5.
- ↑ McArdle, Terence (October 20, 2016). «Phil Chess, co-founder of music label that brought blues to the world, dies at 95». The Washington Post.
- ↑ «Spinning Blues Into Gold, by Nadine Cohodas». Bluestogold.com. Henta 29. juni 2017.
- ↑ Campbell, Robert L.; Pruter, Robert; White, George R.; Kelly, Tom; Paulus, George. «The Aristocrat Label». Henta July 7, 2013.
- ↑ 5,0 5,1 Martin, Douglas (19. oktober 2016). «Phil Chess, Whose Record Label Elevated Unknown Blues Musikars, Dies at 95». The New York Times. Henta 29. juni 2017.
- ↑ John Sippel (18. september 1982). Chess LPs Trace Rock's Roots. Billboard (Nielsen Business Media, Inc.). s. 10–. ISSN 0006-2510.
- ↑ Carry Baker (20. januar 1979). Hawaiian purchases Chicago WLUP-FM. Billboard (Nielsen Business Media, Inc.). s. 27–. ISSN 0006-2510.
- ↑ Inside Track. Billboard (Nielsen Business Media, Inc.). 18. desember 1976. s. 73–. ISSN 0006-2510.
- ↑ O'Donnell, Maureen. «Phil Chess, co-founder of Chicago's Chess Records, dead at 95». Chicago Sun-Times. Henta 29. juni 2017.