Piave

elv i Nord-Italia

Piave (frå latin Plavis ) er ei elv nord i Italia. Ho har sitt utspring i Alpane og renn sørover i 220 km og ut i Adriahavet nær Venezia.

Piave
elv
Land  Italia
Nedslagsfelt 4 126,84 km²
Lengd 220 km
Kjelde Monte Peralba i Valle di Sappada
 •  høgd 2 037 moh.
Munning Adriahavet nær Cortellazzo
Kart
Piave
45°50′34″N 12°06′18″E / 45.842777777778°N 12.105°E / 45.842777777778; 12.105
Wikimedia Commons: Piave (river)

I 1809 var ho åstad for eit slag under napoleonskrigane der fransk-italienske styrkar kjempa mot styrkar frå Austerrike.

I 1918, under den første verdskrigen, var ho åstad for slaget ved Piave, det siste store austerriksk-ungarske åtaket på den italienske fronten, som dei tapte etter å ha mista nesten 200 000 mann. Slaget ved Piave var det avgjerande slaget i den første verdskrigen ved den italienske fronten.

Bakgrunnsstoff

endre

Kjelder

endre
  NODES