Porselen er eit sterkt, vanlegvis kvitleg keramisk materiale som blir brukt i samanhengar der ein treng eit hardt, solid og formbart materiale. Det er motstandsdyktig mot kjemisk påverking og varmesjokk, og kan minna om glas fordi det er gjennomskinneleg og skjørt. Porselen blir som oftast laga ved at ein varmer leiretypen kaolin og knust feltspat, ein type stein, til temperaturar mellom 1 200 °C og 1 400 °C i ein keramikkomn. Ein finn særleg porselen i servise, baderomsmøbel, fliser, som falske tenner og som elektrisk isolator.

Eggforma porselensisolator brukt til å gjera fast og isolera luftleidningar og radioantennar.
Foto: ほくなん
Porselensservise.
Foto: Andreas Praefcke

Namnet porselen kjem frå likskapen til kauri-skjel, på eldre italiensk porcellana, 'som ei lita purke (gris)'.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Porselen
  Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
  NODES
os 2