Postkontorbygninga i Ny-Ålesund

Postkontorbygninga i Ny-Ålesund er den gamle postkontorbygninga i Ny-ÅlesundSpitsbergenSvalbard. Postkontoret har ope i samband med anløp av cruisebåtar og er verdas nordlegaste postkontor.[1][2] Ny-Ålesund blei oppretta som poststad i 1925, nedlagt i 1931 og gjenoppretta i 1946. Postnummeret til Ny-Ålesund er 9173.[3] Postkontoret i Ny-Ålesund blei utnemnt til vekas kulturminne for veke 50 av Kulturminneåret 2009 og har årleg 30 000 besøkjande.

Postkontorbygninga i Ny-Ålesund

Kart
Postkontorbygninga i Ny-Ålesund
78°55′28″N 11°55′49″E / 78.92457°N 11.93024°E / 78.92457; 11.93024

Postkontorbygninga blei oppført på den noverande plasseringsstaden ein gong mellom 1919 og 1925. Det er uklårt om bygget blei transportert frå gruveområdet eller om det blei bygga på staden. Det blir anteke at bygninga blei brukt som bustad for gruvearbeidarane fram til 1929. Posttenesta i Ny-Ålesund blei i denne perioden utført i den opphavelege telegrafbygninga, som idag står mellom den kinesiske og fransk-koreanske forskingsstasjonen. I perioden etter andre verdskrigen blei postkontorbygninga brukt som skule om vinteren og postkontor om sommaren. Frå 1958 og frem til nedlegginga av gruvedrifta i 1963, som følgje av Kings Bay-ulukka, ble bygninga brukt som familiebustad.

Etter nedlegginga av gruvedrifta blei det halde sporadisk sommarope for turisttrafikken, der det blei selt postkort og suvenirar. I 1993 fekk postkontorbygninga funksjon som postkontor for Ny-Ålesund, men i 2001 blei posttenestene overført til den nye administrasjonsbygninga. Postkontorbygninga blei deretter sesongpostkontor, med sal av postkort, frimerke og suvenirar, der postkontoret opner ved anløp av cruisebåtar.

Galleri

endre

Kjelder

endre
  NODES
admin 1