Provinsen Santa Cruz de Tenerife

Provinsen Santa Cruz de Tenerife eller Provinsen Santa Cruz[a] er ein provins i Spania og utgjer den vestlege delen av den autonome regionen Kanariøyane i Atlanterhavet. Han inneheld øyane Tenerife, La Gomera, El Hierro og La Palma, samt Los Roques de Anaga, Salmor og Garachico. Provinsen har eit samla areal på 3 381 km².

Santa Cruz de Tenerife
provins
Land  Spania
Region Kanariøyane
Hovudstad Santa Cruz de Tenerife
Areal 3 381 km²
Folketal 1 044 405 (2021)[1]
Kart
Provinsen Santa Cruz de Tenerife
28°10′00″N 17°20′00″W / 28.166666666667°N 17.333333333333°W / 28.166666666667; -17.333333333333
Kart som viser Provinsen Santa Cruz de Tenerife.
Kart som viser Provinsen Santa Cruz de Tenerife.
Kart som viser Provinsen Santa Cruz de Tenerife.
Wikimedia Commons: Province of Santa Cruz de Tenerife

Provinshovudstaden er Santa Cruz de Tenerife (ofte berre kalla Santa Cruz) på øya Tenerife. Det bur kring ein million innbyggjarar i provinsen og ein fjerdedel bur i provinshouvdstaden. Santa Cruz de Tenerife er òg regionshovudstad i den autonome regionen. Det er 53 kommunar i provinsen.

Det høgaset fjellet i Spania, Teide på 3718 moh, ligg på Tenerife.

Den andre provinsen i øygruppa er provinsen Las Palmas.

Merknader

endre
  1. spansk Provincia de Santa Cruz de Tenerife

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Provinsen Santa Cruz de Tenerife
  NODES