Reykjavík er hovudstaden og den største byen på Island. Byen ligg på halvøya Seltjarnarnes inst i Faxaflói, i golde omgjevnader med utsyn til fjella kringom. Byen er økonomisk og kulturelt senter i landet.

Reykjavík
hovudstad
Reykjavík sett frå Hallgrímskirkja.
Flagg
Symbol
Land  Island
Areal 274 538 739 km²
Folketal 139 875 (1. januar 2023)[1][2]
Tidssone GMT (UTC+0)
Kart
Reykjavík
64°08′51″N 21°56′06″W / 64.1475°N 21.935°W / 64.1475; -21.935
Kart som viser Reykjavík.
Kart som viser Reykjavík.
Kart som viser Reykjavík.
Wikimedia Commons: Reykjavík

Midt i Reykjavík ligg den vesle sjøen Tjörnin som bruker å vera delvis isfri vinterstid grunna det varme vatnet. I det nordvestre hjørnet ligg rådhuset i byen som vart reist 1992. I nærområdet ligg Alþingi som vart bygd i 1881 og domkyrkja frå 1800-talet. Busetnaden er tidvis usamanhengande og utgjer for det meste småhus i tillegg til blokker, som oftast er bygde i betong. Dei fleste husa vert varma opp med varmt vatn frå varme kjelder. På ei høgd sørvest for sentrum ligg Hallgrímskirkja, den største kyrkja på Island. Like føre kyrkja er det eit monument av Leiv Eiriksson som er ei gåve frå USA.

Folkesetnad

endre

Folketalet i Reykjavík i 2012 var 118 814 (58 839 menn og 59 875 kvinner).[treng kjelde] 203 594 menneske bur i hovudstaden med forstadene (Höfuðborgarsvæðið). I området kring byen ligg desse kommunane:

Historiske folketal:

  • 1801: 600
  • 1860: 1 450
  • 1901: 6 321
  • 1910: 11 449
  • 1920: 17 450
  • 1930: 28 052
  • 1940: 38 308
  • 1950: 55 980
  • 1960: 72 407
  • 1970: 81 693
  • 1980: 83 766
  • 1985: 89 868
  • 1990: 97 569
  • 1995: 104 258
  • 2003: 113 387
  • 2007: 117 721

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Reykjavík
  NODES
os 4