Rick Wakeman

britisk musikar

Richard Christopher «Rick» Wakeman (fødd 18. mai 1949) er ein engelsk musikar innan progressiv rock og spelar alle typar tangentinstrument. Han har utdanning som klassisk pianist og er kjent for sin virtuositet. Han er òg kjent som ein mykje nytta studiomusikar, med kallenamnet «One-take-Wakeman».

Rick Wakeman

Fødd18. mai 1949 (75 år)
FødestadPerivale i London i England
FødenamnRichard Christopher Wakeman
OpphavStorbritannia
Aktiv1969 til i dag
SjangerRock, progressiv rock, pop, electronica, jazzfusion, klassisk, kristen musikk
InstrumentTangentinstrument, piano, synthesiser
Tilknytte artistarYes, Strawbs, ABWH, David Bowie, Warhorse, Black Sabbath, Cat Stevens
PlateselskapA&M, Charisma, President Records, Voiceprint, Griffin, EMI, Music Fusion, Hot Productions, Studio T
Verka somMusikar, låtskrivar
Gift medNina Carter
BornAdam Wakeman, Oliver Wakeman, Jemma Wakeman
Rick Wakeman: portrett -

I unge år eksperimenterte han med elektronisk keyboard og synthesizerar og blir rekna som oppfinnaren av «keyboard-rack'et», då han tidleg på 1970-talet byrja å stable ulike tangentinstrument oppå kvarandre for å lettare ha tilgjenge til dei ulike instrumenta. Dei instrumenta han ser ut til å føretrekke er Minimoog, Mellotron og Hammondorgel, og desse tangentinstrumenta er vorte dei klassiske «kjenneteikna» for progressiv rock.

Strawbs og Yes

endre

Wakeman fekk eit stort namn då han i 1970 spelte med Strawbs, men fekk i 1971 tilbod om å ta over etter Tony Kaye i Yes. Wakeman var først medlem frå og med albumet Fragile i 1971 til og med albumet Tales from Topographic Oceans og den påfølgjande turneen, og han slutta i bandet i 1974, på 25-års dagen sin. Seinare vart han på sein-hausten 1976 på ny medlem i Yes, og vart der til 1979 då han etter «Golden Age (Paris-innspelingane)» forlét bandet for andre gongen.

Han vart så med i bandet Anderson Bruford Wakeman Howe (ABWH) i 1989, òg kalla Yes East, i motsetnad til Chris Squire (som hadde retten til band-namnet Yes), Trevor Rabin, Alan White, Tony Kaye og Billy Sherwood som på folkemunne heitte «Yes West». Dei to fraksjonane vart samla til albumet Union med påfølgjande turné 1991 og 1992 med begge fraksjonane på scena. Etter dette slutta han nok ein gong i Yes. Så var han medlem i 1996 under innspelingane av Keys to Ascension og Keys to Ascension 2 og forsvann i 1997 ut av bandet igjen.

I 2002 var Wakeman for femte gongen blitt medlem i Yes, som no turnerte verda rundt som ein del av 35-års jubileet sitt. På grunn av sviktande helse måtte han i 2006 for kanskje siste gongen slutte i Yes. Han medverka på totalt åtte studioalbum med Yes, i tillegg til eit studioalbum med ABWH.

Soloartist

endre

Rick Wakeman har hatt ein lang og merittert karriere, men har berre delvis hatt kommersiell suksess som soloartist. Han har spelt saman med mange andre kjende musikarar som Cat Stevens, John Williams, Brotherhood of Man, Elton John, Lou Reed, David Bowie og Black Sabbath. M.a. var det Wakeman som laga arrangementet av, og spelte piano på, Cat Stevens' populære versjon av hymna Morning Has Broken frå 1971 (ei innspelning Wakeman ikkje fekk betalt for før i 2000, då han mottok ein sjekk på $15 for jobben).

Soloprosjekta hans kan plasserast i fire kategoriar:

  1. Storslegne verk med kor, orkester, band og forteljar
  2. Rockealbum med meir standard rockebesetning
  3. Instrumentalplater med elektronisk musikk
  4. Instrumentalplater med klavermusikk

Utanfor musikken

endre

Borna hans har òg vorte musikarar: Adam Wakeman, Oliver Wakeman, Oscar Wakeman, Jemma Wakeman, Ben Wakeman og Manda Wakeman. Rick Wakeman har vore direktør for fotballklubben Brentford F.C., men etter uvenskap med styret har han seinare registrert seg som supporter av Manchester City F.C..

På 1970- og 1980-talet sleit han med alkoholisme, men sidan 1985 har han halde seg unna sterke drikkevarer. Han har dei siste åra fått ein del helseproblem, og har vorte beordra av legane sine å kutte ned på turnéverksemda. Han er òg kjent som ein humoristisk mann og litt av ein «practical joker». I England har han vorte ein TV-personlegdom for deltakinga si i diverse talkshow. Han blir rekna som ein av dei mest produktive artistane i rocken.

Diskografi

endre

Solo og saman med sonen Adam

endre
  • 1971 Piano Vibrations
  • 1973 The Six Wives of Henry VIII
  • 1974 Journey To The Centre Of The Earth
  • 1975 The Myths and Legends of King Arthur and the Knights of the Round Table
  • 1975 Lisztomania
  • 1976 No Earthly Connection
  • 1977 Rick Wakeman's Criminal Record
  • 1977 White Rock (soundtrack for Vinter-OL 1976)
  • 1978 The Royal Philharmonic Orchestra Performs the Best Known Works of Rick Wakeman
  • 1979 Rhapsodies
  • 1981 The Burning (soundtrack)
  • 1981 1984 (soundtrack)
  • 1982 Rock 'N' Roll Prophet
  • 1983 Cost of Living (soundtrack)
  • 1983 G'ole! (soundtrack for VM i fotball 1982)
  • 1984 Black Nights in the Court of Ferdinand IV
  • 1985 Silent Nights
  • 1985 Live at Hammersmith
  • 1986 Country Airs
  • 1986 Crimes Of Passion (soundtrack)
  • 1987 The Gospels
  • 1987 Family Album
  • 1988 Time Machine
  • 1988 Suite Of Gods
  • 1988 Zodiaque
  • 1989 Sea Airs
  • 1990 Night Airs
  • 1990 Phantom Power (Rick Wakeman Album)|Phantom Power (soundtrack)
  • 1990 In the Beginning
  • 1991 Rock'n'Roll Prophet Plus (nyutgivelse av Rock'n'Roll Prophet med 4 nye spor)
  • 1991 Aspirant Sunset
  • 1991 Aspirant Sunrise
  • 1991 Aspirant Shadows
  • 1991 Suntrilogy
  • 1991 The Classical Connection (nyutgivelse)
  • 1991 2000 A.D. Into The Future
  • 1991 African Bach
  • 1991 Softsword: King John and the Magna Charter
  • 1993 Heritage Suite
  • 1993 Classic Tracks
  • 1993 Wakeman With Wakeman
  • 1993 No Expense Spared
  • 1994 Wakeman With Wakeman: The Official Bootleg (live)
  • 1993 The Classical Connection II
  • 1993 Prayers
  • 1994 Live on the Test (live – recorded in 1976)
  • 1994 Rick Wakeman's Greatest Hits (nyutgivelse)
  • 1995 Seven Wonders of the World
  • 1995 Cirque Surreal
  • 1995 Romance of the Victorian Age
  • 1995 King Biscuit Flower Hour -- In Concert (live – innspilling fra 1975)
  • 1995 Visions
  • 1995 Simply Acoustic (også kjent som The Piano Album)
  • 1995 The Private Collection
  • 1995 Almost Live in Europe (live)
  • 1996 Fields of Green
  • 1996 Voyage (samling)
  • 1996 The New Gospels
  • 1996 Tapestries
  • 1996 The Word and Music
  • 1996 Orisons
  • 1996 Can You Hear Me?
  • 1996 Vignettes
  • 1997 Tribute (The Beatles|Beatles-covere)
  • 1998 Themes
  • 1999 Return to the Centre of the Earth
  • 1999 The Natural World Trilogy
  • 1999 The Art in Music Trilogy
  • 1999 White Rock II
  • 1999 Stella Bianca alla corte de Re Ferdinando
  • 2000 Recollections: The Very Best of Rick Wakeman 1973-1979 (samling)
  • 2000 Preludes to a Century
  • 2000 Chronicles of Man
  • 2000 Christmas Variations
  • 2000 Rick Wakeman Live in Concert 2000 (live)
  • 2001 Out of the Blue
  • 2001 Classical Variations
  • 2001 Two Sides of Yes
  • 2002 The Wizard And The Forest Of All Dreams
  • 2002 Wakeman & Cousins – Hummingbird
  • 2002 The Yes Piano Variations
  • 2002 Two Sides of Yes – Volume 2
  • 2003 Out There
  • 2003 The ReaL Lisztomania
  • 2003 The Oscar Concert
  • 2003 The Missing Half
  • 2003 Almost Classical
  • 2004 Revisited
  • 2005 Live at Lincoln Cathedral
  • 2006 Retro
  • 2007 Amazing Grace
  • 2007 Retro 2
  • 2007 Live at the BBC
  • 2009 The Six Wives of Henry VIII: Live at Hampton Court Palace
  • 2010 Always With You

Bakgrunnsstoff

endre
  NODES
INTERN 1