Ringenes herre: Ringens brorskap

Ringenes Herre: Ringens brorskap (originaltittel: The Lord of the Rings: The Fellowship of the Ring) er ein fantasy-spelefilm frå 2001 med regi av Peter Jackson. Filmen er basert på den fyrste boka i boktrilogien Ringdrotten av professor J.R.R. Tolkien.

The Lord of the Rings: The Fellowship of the Ring
RegiPeter Jackson Sjå dette på Wikidata
Forfattar(ar)Mark Ordesky, Harvey Weinstein, Michael Lynne, Bob Weinstein Sjå dette på Wikidata
Produsent(ar)Peter Jackson, Barrie M. Osborne, Fran Walsh, Tim Sanders Sjå dette på Wikidata
ManusFran Walsh, Philippa Boyens, Peter Jackson Sjå dette på Wikidata
Basert påRingens brorskap Sjå dette på Wikidata
MedverkandeElijah Wood, Ian McKellen, Liv Tyler, Viggo Mortensen, Sean Astin, Cate Blanchett, John Rhys-Davies, Billy Boyd, Dominic Monaghan, Orlando Bloom, Christopher Lee, Hugo Weaving, Sean Bean, Ian Holm, Andy Serkis, Mark Ferguson, Lawrence Makoare, Harry Sinclair, Sarah McLeod, Marton Csokas, Craig Parker, Peter McKenzie, Ian Mune, Elizabeth Moody, Peter Jackson, Bret McKenzie, Sala Baker, Alan Howard, Shane Rangi, David Weatherley, Bill Johnson Sjå dette på Wikidata
Stemme­skodespelarTimmo Niesner, Jacques Breuer, Joachim Höppner Sjå dette på Wikidata
KlippJohn Gilbert Sjå dette på Wikidata
MusikkHoward Shore Sjå dette på Wikidata
SjeffotografAndrew Lesnie Sjå dette på Wikidata
ProduksjonsselskapWingNut Films, New Line Cinema Sjå dette på Wikidata
DistributørNew Line Cinema Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato19. desember 2001,[1][2][3] 19. desember 2001 (Tyskland),[4] 10. januar 2002 (Tsjekkia),[5] 2001, 18. januar 2002 (Italia)[6]
Lengd178 minutt, 208 minutt, 228 minutt Sjå dette på Wikidata
OpphavslandNew Zealand, USA Sjå dette på Wikidata
Språkengelsk
Inntening888 195 122 US-dollar (verdsfemnande),[7] 319 372 078 US-dollar (USA)[8]
Sjangerfantasyfilm, eventyrfilm, dramafilm, actionfilm, romanfilmatisering Sjå dette på Wikidata

Filmen kom ut den 10. desember 2001. Han vart nominert til tretten Oscar-prisar og vann for beste cinematografi, beste sminke, beste originalmusikk og beste visuelle effektar. I 2002 kom den utvida versjonen av filmen på DVD og VHS. Heile filmen er spelt inn på New Zealand.

Handling

endre

Filmen startar med stemma til Galadriel (Cate Blanchett) som fortel om korleis dei store maktringane vart smidde. Tre ringar vart gjevne til alvane, sju til dvergane og ni til menneska, men den vonde Sauron (Sala Baker) smidde i løyndom ein herskarring som kunne styra alle dei andre. Med den kunne Sauron ta over heile Midgard. Filmen skildrar eit stort slag i fortida der alvane og menneska gjekk saman mot hærstyrkane til Sauron. Då Sauron hadde drepe kong Elendil (Peter McKenzie), plukka prins Isildur (Harry Sinclair) opp det brotne sverdet til faren og hogg fingeren av handa til Sauron. Det snudde slaget og menneska og alvane vann medan Sauron vart øydelagt.

Etter dette beheldt Isildur ringen, men han blei som besett av han. Filmen skildrar det som at maktringen har sin eigen vilje og at ringen sveik Isildur. Isildur mista ringen i elva Anduin, der han blei liggjande til ingen lenger visste kva som hadde skjedd med han. Flere tusen år seinare blei ringen plukka opp att. Den nye eigaren blei skapningen Gollum (Andy Serkis), som fekk eit unaturleg langt liv av ringen. Deretter blei ringen funnen av hobbiten Bilbo Lommelun (Ian Holm) som møtte Gollum i ei fjellgrotte.

Etter denne innleiinga skildrar filmen feiringa av 111-årsdagen til Bilbo i Hobbitun. Medan Bilbo held tale under feiringa, brukar han ringen til å gjera seg usynleg og går vekk frå Hobbitun i løyndom. Berre vismannen Gandalv (Ian McKellen) skjønar kva som har skjedd med Bilbo. Gandalv tek til å mistenkja at det er noko spesielt med ringen som Bilbo har. Frodo Lommelun (Elijah Wood), som arvar heimen til Bilbo og alt han elles eig, får beskjed om å ta vare på ringen medan Gandalv reiser av garde for å undersøkja meir.

Etter ei tid kjem Gandalv att til Hobbitun og ber Frodo kasta ringen i peisen. Då kjem det fram ein innskripsjon på ringen:

Ash nazg durbatulûk, ash nazg gimbatul,
Ash nazg thrakatulûk agh burzum-ishi krimpatul.

Då skjønar Gandalv at ringen til Frodo er Den Eine Ringen som vart smidd av Sauron. Han forklarer for Frodo at Sauron ikkje er død. Ånda hans overlevde, men han er enno ikkje sterk nok til å ta fysisk form. Styrkane hans veks i landet Mordor i aust, og alt Sauron treng no, er å bli sameint med ringen sin for å kunna herska over heile Midgard. Den einaste staden der ringen kan øydeleggjast er i Dommedagsberget i Mordor, der han blei smidd.

Dei bestemmer at Frodo tar ringen med seg og reiser frå Hobbitun saman med Samvis Gamgod (Sean Astin). På vegen vert dei forfulgde av ringskrømta, mørke ryttarar til hest, korkje levande eller døde. I Kløvendal møter dei alven Elrond (Hugo Weaving) som kallar inn både Frodo og Samvis, alvar, dvergar og menneske til råd for å avgjera kva som skal gjerast med ringen. Der bestemmer dei at ringen må øydeleggjast og Frodo melder seg til å bera ringen til Dommedagsberget. «Ringens Brorlag» blir forma for å hjelpa Frodo med oppgåva. Det består av Frodo, Samvis, Gandalv, Aragorn (Viggo Mortensen), hobbitane Peregrin Tók (Billy Boyd) og Muntiadok Brennibukk (Dominic Monaghan), Boromir (Sean Bean), alven Legolas (Orlando Bloom) og dvergen Gimli (John Rhys-Davies).

Rolleliste

endre

Skodespelarane som vart nytta i filmen kom frå både USA, England, Skottland, New Zealand, Australia og Wales. I filmen vert det snakka både britiske dialektar og sindarin-alvisk, eit språk som J.R.R. Tolkien konstruerte sjølv.

Rolle Skodespelar
Frodo Lommelun Elijah Wood
Bilbo Lommelun Ian Holm
Gandalv Ian McKellen
Samvis Gamgod Sean Astin
Peregrin Tók Billy Boyd
Muntiadok Brennibukk Dominic Monaghan
Aragorn Viggo Mortensen
Arwen Liv Tyler
Elrond Hugo Weaving
Legolas Orlando Bloom
Gimli John Rhys-Davies
Boromir Sean Bean
Sarumann Christopher Lee
Galadriel Cate Blanchett
Sauron Sala Baker
Gollum (stemme) Andy Serkis
Elendil Peter McKenzie
Isildur Harry Sinclair

Kjelder

endre
  1. http://www.imdb.com/title/tt0120737/; vitjingsdato: 9. april 2016.
  2. http://www.metacritic.com/movie/the-lord-of-the-rings-the-fellowship-of-the-ring; vitjingsdato: 9. april 2016.
  3. http://www.commeaucinema.com/film/le-seigneur-des-anneaux-la-communaute-de-l-anneau,3981; vitjingsdato: 9. april 2016.
  4. http://www.imdb.com/title/tt0120737/releaseinfo; The Internet Movie Database; vitjingsdato: 14. april 2017; språk på verket: engelsk.
  5. «Pán prstenů a Harry Potter před dvaceti lety změnili způsob, jak Češi chodili do kina» (på tsjekkisk). 6. februar 2022. Henta 6. februar 2022. «První část prstenovské trilogie s podtitulem Společenstvo prstenu měla v českých kinech premiéru 10. ledna 2002, o tři týdny později, než viděli snímek první diváci v USA.» 
  6. https://www.comingsoon.it/film/il-signore-degli-anelli-la-compagnia-dell-anello/1029/scheda/; vitjingsdato: 6. februar 2024.
  7. https://www.boxofficemojo.com/title/tt0120737/; vitjingsdato: 15. desember 2024.
  8. https://www.boxofficemojo.com/title/tt0120737/; vitjingsdato: 26. juni 2024.
  • Innleiinga er henta frå Engelsk Wikipedia: The Lord of the Rings: The Fellowship of the Ring, vitja 12. juni 2015.
  • Rolleliste frå Ringens brorskap på IMDb.
  • Norske namn på karakterane er henta frå bokmålswikipedia: Ringenes Herre: Ringens brorskap.
  • Filmen sjølv er brukt som kjelde for handlinga.
  NODES
INTERN 1