Roland Brückner (fødd 14. desember 1955) er ein tysk tidlegare turnar frå Köthen som representerte Aust-Tyskland. Åra 1979-81 vart han fyrst verdsmeister, så olympisk meister og til sist europameister, alt i frittståande.

Roland Brückner


Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 14. desember 1955 (68 år)
Köthen
Idrett turn
Tok del i gymnastics at the 1976 Summer Olympics – men's artistic team all-around, gymnastics at the 1980 Summer Olympics – men's artistic team all-around, gymnastics at the 1980 Summer Olympics – men's floor, gymnastics at the 1980 Summer Olympics – men's parallel bars, gymnastics at the 1980 Summer Olympics – men's vault
Utmerkingar Fedrelandets fortjenstorden i gull

Brückner fekk bronsemedaljar med Aust-Tyskland i lagkampen ved Sommar-OL 1976 og Turn-VM 1978. I Turn-VM 1979 i Fort Worth delte han fyrsteplassen i frittståande med Kurt Thomas frå USA, begge fekk 2 x 9,90 i karakter. Under Sommar-OL 1980 i Moskva vann Brückner ein ny gullmedalje i frittståande, dessutan fekk han med seg tre bronsemedaljar; i hopp, skranke og lagkamp. Året etter vann han frittståande i europameisterskapen i Roma. Han deltok ikkje i Sommar-OL 1984, då Aust-Tyskland boikotta leikane i Los Angeles.

Kjelder

endre
  NODES
os 2