Roy Thomas Baker
Roy Thomas Baker (fødd 10. november 1946) er ein engelsk plateprodusent, låtskrivar, arrangør og sjef i Recording Academy, som har produsert pop og rock sidan 1970-åra.[1]
Roy Thomas Baker | |||
Roy Thomas Baker i Whitfield Street Studios i 2005 | |||
Fødd | 10. november 1946 (78 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Hampstead | ||
Alias | RTB | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1970 til i dag | ||
Sjanger | Rock, pop, new wave, power pop, hardrock, glamrock, glam metal, alternativ rock | ||
Tilknytte artistar | Queen, The Cars, The Darkness, The Smashing Pumpkins | ||
Plateselskap | Decca, Trident, EMI, Parlophone, Elektra, Hollywood, RTB, Warner Bros. | ||
Verka som | musikkprodusent, audioingeniør, låtskrivar |
Karriere
endreBaker byrja karrieren sin i Decca Records i England då han var 14 år gammal. Han vart oppfordra av produsenten Gus Dudgeon og drog snart til Trident Studios, der han arbeidde med produsentar som Gus Dudgeon, Tony Visconti, Mick Jagger og Keith Richards, Frank Zappa, i tillegg til artistar som The Rolling Stones, David Bowie, The Who, Gasolin', Nazareth, Santana, The Mothers of Invention, Be Bop Deluxe, Free og T.Rex.
Etter han var med å starte plateselskapet til Trident, Neptune, møtte Baker eit band som vart kjend som Queen. Han byrja eit samarbeide med dei som varte fem album (Queen, Queen II, Sheer Heart Attack, A Night at the Opera og Jazz) og vann fleire prisar - mellom anna Grammy og oppføring i Guinness rekordbok for beste singel med «Bohemian Rhapsody».
Etter suksessen med Queen og andre artistar fekk Baker ein produksjonsavtale med CBS Music (Columbia Records, Sony Music, Epic Records, etc.). Han flytta så til USA og sette opp The RTB Audio Visual Productions i New York og Los Angeles. På denne tida produserte han Journey, Starcastle, Reggie Knighton (The Grass Roots), Ian Hunter og Ronnie Wood (The Rolling Stones).
Baker produserte òg fire album for The Cars. Albuma selde til platina og The Cars vart nominerte til Grammy.
Han vart tilbode stillinga visepresident for talentavdelinga til Elektra Records som produserte The World, Lindsey Buckingham, Mötley Crüe, Joe Lynn Turner, Josie Cotton og Dokken i tillegg fortsatt arbeidd med Queen og The Cars. Ved Elektra signerte han kontrakt med Metallica, Simply Red, Yello, Peter Schilling, The World og 10,000 Maniacs.
Baker har òg arbeidd med Guns N' Roses, Alice Cooper, Foreigner, Pilot, Ozzy Osbourne, Devo, The Stranglers, Dusty Springfield, T'Pau, Cheap Trick og Lewis Furey. I 2005 produserte han One Way Ticket to Hell and Back av The Darkness, The Smashing Pumpkins-albumet Zeitgeist i 2007, The Storm-albumet When the Storm Meets the Ground i 2008, The Smashing Pumpkins sitt American Gothic og One Karma-albumet Life Got in the Way i 2011. Han produserte òg Yes sitt album Heaven & Earth i 2014, 35 år etter dei første opptaka han gjorde med bandet.[2]
Utvald diskografi
endreProduksjonar av Roy Thomas Baker:
- Arnold Corns A.K.A.David Bowie: «Man in the Middle» (1971 – utgjeve 1985)
- Free: Fire and Water (1970)
- Nazareth: Nazareth (lydteknikar) (1971)
- Nazareth: Exercises (1972)
- Gasolin': Gasolin' 3 (1973)
- Gasolin': Stakkels Jim (1974)
- Queen: Queen (1973) (som Roy Baker)
- Queen: Queen II (1974)
- Hawkwind: Hall of the Mountain Grill (1974)
- Robert Calvert: Captain Lockheed and the Starfighters (1974)
- Man : Rhinos, Winos and Lunatics (1974)
- Queen: Sheer Heart Attack (1974)
- Queen: A Night at the Opera (1975)
- Jet: Jet (1975)
- Be-Bop Deluxe: Futurama (1975)
- Gasolin': Gas 5 (1975)
- Lewis Furey: The Humours Of (1976)
- Pilot: Morin Heights (1976)
- Ian Hunter: Overnight Angels (1976)
- Gasolin': Efter endnu en dag (1976)
- Starcastle: Fountains of Light (1977)
- Starcastle: Citadel (1977)
- Dusty Springfield It Begins Again (1978)
- The Cars: The Cars (1978)
- Queen: Jazz (1978)
- Journey: Infinity (1978)
- Journey: Evolution (1979)
- Yes: Golden Age Sessions (1979)
- Ron Wood: Gimme Some Neck (1979)
- The Cars: Candy-O (1979)
- Foreigner: Head Games (1979)
- Alice Cooper: Flush the Fashion (1980)
- The Cars: Panorama (1980)
- The Cars: Shake It Up (1981)
- Heavy Metal: «Motion Picture Soundtrack» (1982)
- Devo: Oh, No! It's Devo (1982)
- Cheap Trick: One on One (1982)
- Fast Times at Ridgemont High: Motion Picture Soundtrack (1982)
- Mötley Crüe: Too Fast for Love (1982)
- Joe Lynn Turner: Rescue You (1985)
- Jon Anderson: 3 Ships (1985)
- American Anthem:«Motion Picture Soundtrack» (1986)
- T'Pau: Bridge of Spies (kalla T'Pau i USA) (1987)
- Slade: You Boyz Make Big Noize (1987)
- Ozzy Osbourne: No Rest for the Wicked (1988)
- The Stranglers: 10 (1989)
- Chris de Burgh: Spark to a Flame (1990)
- Shy: Misspent Youth (1990)
- Dangerous Toys: Hellacious Acres (1991)
- The Stranglers: All Twelve Inches (1992)
- Wayne's World: Motion Picture Soundtrack (1992)
- Local H: Pack Up the Cats (1998)
- Caroline's Spine: «Attention Please» (1999)
- The Darkness: One Way Ticket to Hell... and Back (2005)
- Elliot Easton: Change No Change (2006)
- The Smashing Pumpkins: Zeitgeist (2007)
- Transformers: «Motion Picture Soundtrack» (2007)
- The Storm: Where The Storm Meets The Ground (2008)
- The Smashing Pumpkins: American Gothic (2008)
- Guns N' Roses: Chinese Democracy (2008)
- Jimmy Chamberlin's This: «Great Civilization» (2010)
- Maximilian Is King: Featuring Arthur Lynn and Nick Fowler «Songs To Kill Yourself With» (2012)
- Yes: Heaven & Earth (2014)
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Roy Thomas Baker» frå Wikipedia på engelsk, den 20. mai 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Discogs. Single and Album Diskografi and Biography: Roy Thomas Baker». 1. september 2012.
- ↑ «Lords of Metal ezine». Lordsofmetal.nl. Henta 20. mai 2016.