Rudolstadt

by og kommune i Landkreis Saalfeld-Rudolstadt

Rudolstadt er ein by og ein kommune i landkrinsen Saalfeld-Rudolstadt i delstaten Thüringen i Tyskland. Kommunen har ei flatevidd på 135,2 km² og i kring 25 000 ibuarar. Byen ligg langs elva Saale, 195 meter over havet i ein brei dal nordaust om Thüringer Wald.

Rudolstadt

Byen var ei tid vidkjend for produksjonen av treklossar til byggesett for born. I dag er byen mest kjend for sin danse- og folkemusikk-festival, den største i sitt slag i Tyskland.

Kjelder

endre
  NODES
Done 1