Sam Lay

amerikansk songar og musikar

Sam Lay (fødd 20. mars 1935) er ein amerikansk trommeslagar og vokalist som har vore aktiv sidan slutten av 1950-åra.[1][2][3][4] I 2015 vart han innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som ein del av bandet Paul Butterfield Blues Band, der han byrja midt i 1960-åra. Før den tid hadde han spelt med kjende bluesmusikarar som Willie Dixon, Howlin' Wolf, Eddie Taylor, John Lee Hooker, Junior Wells, Bo Diddley, Magic Sam, Jimmy Rogers, Earl Hooker og Muddy Waters. Han spelte òg trommer for Bob Dylan, då Dylan gjekk elektrisk på Newport Folk Festival i 1965, og på albumet Highway 61 Revisited.

Sam Lay

Fødd20. mars 1935 (89 år)
FødestadBirmingham i Alabama i USA
Død29. januar 2022
DødsstadChicago
FødenamnSamuel Julian Lay
OpphavUSA
AktivSidan 1957
SjangerChicago blues, jazz, rock
InstrumentTrommer, vokal
Tilknytte artistarLittle Walter, Willie Dixon, Howlin' Wolf, Muddy Waters, Paul Butterfield, Rob Stone, Siegel-Schwall Band
PlateselskapBlue Thumb Records
Verka somMusikar

Lay har òg gjeve ut to album med sitt eige band.

Kjelder

endre
  1. Erlewine, Michael. Sam LayAllmusic
  2. «Sam Lay». All About Jazz. Arkivert frå originalen 10. mars 2011. 
  3. «BIOGRAPHY: SAM LAY». chamberblues.com, official website of the Siegel-Schwall Band. Arkivert frå originalen 28. februar 2011. 
  4. «Alabama's Music Achievers». Alabama Music Hall of Fame. Arkivert frå originalen 14. mai 2011. 
  NODES