San Salvador på Bahamas
(Omdirigert frå San Salvador Island)
San Salvador i Bahamas er ei øy og eit distrikt søraust i staten Bahamas i Det karibiske havet. Øya har eit areal på 94,9 km², er 11,2 km brei aust-vest og 19,25 km lang i nord-sør retninga. Ho er omslutta av korallrev rundt kysten med unnatak frå området i vest der hovudstaden Cockburn Town ligg med god hamnetilhøve.
San Salvador | |||
øy | |||
Land | Bahamas | ||
---|---|---|---|
Del av | Bahamas | ||
Areal | 163,0 km² | ||
Folketal | 930 | ||
San Salvador på Bahamas 24°02′12″N 74°29′35″W / 24.03667°N 74.49306°W | |||
Kart som viser San Salvador på Bahamas.
| |||
Wikimedia Commons: San Salvador Island |
Fram til 1925 trudde ein at San Salvador var identisk med Guanahani, øya som Kristoffer Columbus først kom til i «den nye verda».
I dag bur det om lag 1000 menneske på øya, dei fleste i Cockburn Town. Turisme er vektigaste næringsveg.