Self Portrait
Self Portrait Studioalbum av Bob Dylan | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 8. juni 1970 | |
Innspelt | 24. april 1969 – 30. mars 1970 | |
Sjanger | Folkrock, bluesrock, countryrock | |
Lengd | 1:13:15 | |
Selskap | Columbia | |
Produsent | Bob Johnston | |
Bob Dylan-kronologi | ||
---|---|---|
Nashville Skyline (1969) |
Self Portrait | New Morning (1970)
|
Singlar frå Self Portrait | ||
|
Self Portrait er det tiande studioalbumet til Bob Dylan, gjeve ut på Columbia Records i juni 1970.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Entertainment Weekly | C–[2] |
MusicHound | 2/5[3] |
The Rolling Stone Album Guide | [4] |
The Village Voice | C+[5] |
Det var det andre dobbeltalbumet til Dylan og inneheld hovudsakleg coverversjonar av kjende pop- og folkesongar. Det inneheld òg nokre instrumentalar, originale songar og konsertutgåver av songar i lag med The Band. Det meste av albumet vert sunge i same countrystil Dylan hadde nytta på det førre albumet, Nashville Skyline. Somme meiner Dylan med hensikt gjorde albumet surrealistisk og satirisk, og albumet fekk særs dårleg kritikk då det kom ut. Første setninga i meldinga frå Greil Marcus i Rolling Stone var «What is this shit?» ('Kva er denne skiten?').[6]
Dylan hevda seinare i intervju at Self Portrait var ein slags spøk, langt under standarden han sette i 1960-åra, rett og slett for å få fokuset bort frå seg.
Trass i dårleg mottaking selde albumet raskt til gull i USA og nådde fjerdeplassen der. I Storbritannia gjekk albumet heilt topps.
Songane
endreSelf Portrait fekk kraftig kritikk for både framføringa og produksjonen, og mange kritikarar meinte at songutvalet var for dårleg. Songen «Copper Kettle», skriven av Alfred Frank Beddoe, har likevel fått god omtale gjennom åra.[7][8]
Songen «Wigwam» vart gjeven ut på singel og vart i 2001 nytta i Wes Anderson-filmen The Royal Tenenbaums. «All the Tired Horses» inneheld berre to tekstlinjer og vert sungen av kvinnelege koristar. Denne songen vart nytta i filmen Blow frå 2001.
Den mest kjende songen er kanskje «The Mighty Quinn (Quinn the Eskimo)», ein song frå Basement Tapes-innspelingane som vart spelt inn av Manfred Mann med stor suksess i 1968.
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «All the Tired Horses» | Bob Dylan | 3:12 |
2. | «Alberta #1» | Tradisjonell | 2:57 |
3. | «I Forgot More Than You'll Ever Know» | Cecil A. Null | 2:23 |
4. | «Days of 49» | Alan Lomax, John Lomax, Frank Warner | 5:27 |
5. | «Early Mornin' Rain» | Gordon Lightfoot | 3:34 |
6. | «In Search of Little Sadie» | Tradisjonell | 2:28 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Let It Be Me» | Gilbert Bécaud, Mann Curtis, Pierre Delanoë | 3:00 |
2. | «Little Sadie» | Tradisjonell | 2:00 |
3. | «Woogie Boogie» | Bob Dylan | 2:06 |
4. | «Belle Isle» | Tradisjonell | 2:30 |
5. | «Living the Blues» | Bob Dylan | 2:42 |
6. | «Like a Rolling Stone» (Konsertopptak frå 31. august 1969 frå Isle of Wight-festivalen) | Bob Dylan | 5:18 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Copper Kettle» | Albert Frank Beddoe | 3:34 |
2. | «Gotta Travel On» | Paul Clayton, Larry Ehrlich, David Lazar, Tom Six | 3:08 |
3. | «Blue Moon» | Lorenz Hart, Richard Rodgers | 2:29 |
4. | «The Boxer» | Paul Simon, Art Garfunkel | 2:48 |
5. | «The Mighty Quinn (Quinn the Eskimo)» (Konsertopptak frå 31. august 1969 frå Isle of Wight-festivalen Festival) | Bob Dylan | 2:48 |
6. | «Take Me as I Am (Or Let Me Go)» | Boudleaux Bryant | 3:03 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Take a Message to Mary» | Felice Bryant, Boudleaux Bryant | 2:46 |
2. | «It Hurts Me Too» | Tradisjonell | 3:15 |
3. | «Minstrel Boy» (Konsertopptak frå 31. august 1969 frå Isle of Wight-festivalen) | Bob Dylan | 3:33 |
4. | «She Belongs to Me» (Konsertopptak frå 31. august 1969 frå Isle of Wight-festivalen) | Bob Dylan | 2:44 |
5. | «Wigwam» | Bob Dylan | 3:09 |
6. | «Alberta #2» | Tradisjonell | 3:12 |
Medverkande
endre
|
|
Salslister
endreVekeslister
endreÅr | Liste | Plassering |
---|---|---|
1970 | Billboard 200 | 4 |
1970 | Record World Album Chart | 1 |
1970 | Cash Box Album Chart | 1 |
1970 | UK Top 75[9] | 1 |
Singlar
endreÅr | Singel | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1970 | «Wigwam» | Billboard Hot 100 | 41[treng kjelde] |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Self Portrait (Bob Dylan album)» frå Wikipedia på engelsk, den 9. mars 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Guterman, Jimmy og O'Donnell, Owen, The Worst Rock and Roll Records of All Time, Citadel, 1991.
- ↑ lenkje
- ↑ «Bob Dylan's discography». 29. mars 1991.
- ↑ Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide (2nd utg.). Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 371. ISBN 1-57859-061-2.
- ↑ Brackett, Nathan; with Hoard, Christian (eds) (2004). The New Rolling Stone Album Guide. New York, NY: Fireside. s. 262. ISBN 0-7432-0169-8. Henta 22. august 2015.
- ↑ Christgau, Robert (30. juli 1970). «Consumer Guide (12)». The Village Voice (New York). Henta 14. april 2013.
- ↑ Greil Marcus, "Self Portrait No. 25", i Studio A: The Bob Dylan Reader (1970), s. 74 (Benjamin Hedin, red., 2004)
- ↑ Heylin, Clinton (2003 reprint). Bob Dylan: Behind the Shades Revisted, s. 314. HarperCollins. ISBN 0-06-052569-X.
- ↑ Riley, Tim (rev. utg. 1999). Hard Rain: A Dylan Commentary, s. 195. Da Capo Press. ISBN 0-306-80907-9.
- ↑ «Number 1 Albums – 1970s». The Official Charts Company. Arkivert frå originalen 9. februar 2008. Henta 12. november 2018.