Serbia i Eurovision Song Contest

Serbia debuterte i Eurovision Song Contest i 2007 og har delteke fjorten gongar. Serbia deltok tidlegare som ein del av Jugoslavia, sidan som ein del av Serbia og Montenegro, og frå 2007 som ein sjølvstendig nasjon. Serbia vann tevlinga på sitt aller fyrste forsøk som eigen nasjon; ingen andre land har klart å vinne Eurovision Song Contest på fyrste forsøk. Serbia har aldri kome sist, men har tre gongar ikkje kvalifisert seg til finalen.[1]


Serbia


RTS
Uttakingar
Nasjonalt 10
Internt 4
Deltaking
Debutår 2007
Deltakingar 14
Beste resultat
Semifinalen 1 (2007)
Finalen 1 (2007)
Verste resultat
Semifinalen 11 (2013 og 2017)
Finalen 19 (2018)
Poeng
Semifinalane 1 609
Finalane 1 583
Totalt 3 192

Historikk

endre

Serbia var tidlegare ein del av Jugoslavia, som deltok i Eurovision Song Contest frå 1961 til 1992. I 1991 lausreiv Slovenia, Kroatia, Bosnia-Hercegovina og dåverande Makedonia seg frå landet, og Serbia og Montenegro var i praksis dei einaste som deltok som Jugoslavia i Eurovision Song Contest i 1992. Åra etter og fram til 2003, fekk ikkje landet deltake i Eurovision Song Contest. Utestenginga var ein del av dei mange SN-sanksjonane mot nasjonen, på grunn av jugoslaviakrigane og den kroatiske sjølvstendekrigen.[2][3]

Utdjupande artikkel for dette emnet er Jugoslavia i Eurovision Song Contest.

Føderasjonen Serbia og Montenegro søkte om å få deltake i Eurovision Song Contest igjen i 2003, men Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) avslo søknaden og begrunna det med at for mange land ville bli ståande utafor finalen om ein slapp inn fleire nye land.[4] I 2004 innførte EBU semifinale i Eurovision Song Contest, og dimed fekk Serbia og Montenegro deltake for fyrste gong. I 2006 vart føderasjonen Serbia og Montenegro oppløyst etter ein montenegrinsk folkeavrøysting om lausrivelse. Montenegro erklærte sin sjølvstende i juni 2006, og den tidlegare føderasjonen vart delt opp i to sjølvstendige nasjonar: Montenegro og Serbia.[5] Begge landa debuterte som sjølvstendige land i Eurovision Song Contest 2007.

Utdjupande artikkel for dette emnet er Serbia og Montenegro i Eurovision Song Contest.

Vann i debuten

endre

I 2007 debuterte Serbia som ein sjølvstendig nasjon, og balladen til Marija Šerifović, «Molitva», vann tevlinga etter å ha fått 268 poeng. Serbia vart med det det fyrste landet til å vinner Eurovision Song Contest på fyrste forsøk, sidan Sveits vann den aller fyrste utgåva av tevlinga i 1956. Som fylgje av sigeren til Šerifović vart Eurovision Song Contest 2008 arrangert i hovudstaden til Serbia, Beograd. Som arrangør var Serbia direktekvalifisert til finalen, og det serbiske bidraget, Jelena Tomašević og songen «Oro», enda til slutt på ein sjetteplass.

I 2009 kvalifiserte ikkje Serbia seg til finalen, og to middels plasseringar følgde i 2010 og 2011. I Baku i 2012 var landets berømte songar og komponist, Željko Joksimović, tilbake og sikra Serbia ein tredjeplass i finalen. Den førebels dårlegaste plasseringa til Serbia kom året etter då Moje 3 og songen «Ljubav je svuda» berre vart nummer 11 i sin semifinale. Dette var andre gongen Serbia ikkje kvalifiserte seg. Fire år seinare, i 2017, vart rekorden tangert, då Tijana Bogićević og songen «In Too Deep» også kom på ellevteplass i sin semifinale.

I 2009 kvalifiserte ikkje Serbia seg til finalen, og to middels plasseringar følgde i 2010 og 2011. I Baku i 2012 var den kjende songaren og komponisten Željko Joksimović tilbake og sikra Serbia ein tredjeplass i finalen. Den foreløpig dårlegaste plasseringa til landet kom året etter då «Ljubav je svuda» av Moje 3 berre blei nummer 11 i den første semifinalen. Dette var andre gong Serbia ikkje kvalifiserte seg til finalen.

Etter den serbiske debuten i 2007, har Serbia berre stått utanfor tevlinga éin gong. Hausten 2013 annonserte den serbiske kringkastaren Radio-televizija Srbije (RTS) at landet ikkje kom til å deltake i tevlinga i 2014. Årsaka var den anstrengte økonomiske situasjonen til tv-kanalen og mangel på sponsorar.[6] Men Serbia sendte alle tre showa og kom tilbake til Eurovision Song Contest igjen i 2015.[7]

Bidrag i Eurovision Song Contest

endre
År Artist Song Språk Finalen Semifinalen
Poeng Plass Poeng Plass
  2007 Marija Šerifović «Molitva» Serbisk 268 1 298 1
  2008 Jelena Tomašević med Bora Dugić «Oro» Serbisk 160 6 Direktekvalifisert
  2009 Marko Kon og Milaan «Cipela» Serbisk Ikkje kvalifisert 60 10
  2010 Milan Stanković «Ovo je Balkan» Serbisk 72 13 79 5
  2011 Nina «Čaroban» Serbisk 85 14 67 8
  2012 Željko Joksimović «Nije ljubav stvar» Serbisk 214 3 159 2
  2013 Moje 3 «Ljubav je svuda» Serbisk Ikkje kvalifisert 46 11
  2014 Deltok ikkje
  2015 Bojana Stamenov «Beauty Never Lies» Engelsk 53 10 63 9
  2016 Sanja Vučić ZAA «Goodbye (Shelter)» Engelsk 115 18 105 10
  2017 Tijana Bogićević «In Too Deep» Engelsk Ikkje kvalifisert 98 11
  2018 Sanja Ilić og Balkanika «Nova Deca» Serbisk 113 19 117 9
  2019 Nevena Božović «Kruna» Serbisk 89 18 156 7
  2020 Hurricane «Hasta la vista» Serbisk Tevling avlyst
  2021 Hurricane «Loco Loco» Serbisk 102 15 124 8
  2022 Konstrakta «In corpore sano» Serbisk og latin 312 5 237 3
  2023 Luke Black «Samo mi se spava» Engelsk og serbisk

Røystehistorikk

endre

Finalane (2007–2022)

endre

Serbia har gjeve flest poeng til
# Land Poeng
01   Italia 82
02   Russland 73
03   Ungarn 68
04   Ukraina 66
05   Bosnia-Hercegovina 61

Serbia har fått flest poeng frå
# Land Poeng
01   Nord-Makedonia 150
02   Montenegro 138
03   Kroatia 131
04   Slovenia 129
04   Sveits 110

Semifinalane (2007–2019)

endre

Serbia har gjeve flest poeng til
# Land Poeng
01   Nord-Makedonia 89
02   Ungarn 88
03   Kroatia 72
04   Slovenia 59
05   Montenegro 57

Serbia har fått flest poeng frå
# Land Poeng
01   Slovenia 86
02   Nord-Makedonia 80
03   Frankrike 69
04   Kroatia 68
05   Montenegro 65

Galleri

endre

Vertskap

endre
År Stad Arena Programleiarar
  2008 Beograd Beogradska Arena Jovana Janković og Željko Joksimović

Sjå òg

endre

Referansar

endre
  1. «Serbia – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 25. desember 2016. 
  2. FNs sikkerhetsråd (30. mai 1992). «Security Council resolution 757 (1992) [Bosnia and Herzegovina]». FNs høykommissær for flyktninger/FN. Henta 3. desember 2017. 
  3. Agence France Presse (9. oktober 2000). «List of International Sanctions Against Serbia». Global Policy Forum. Henta 3. desember 2016. 
  4. Sietse Bakker (27. november 2002). «No new countries at next Eurovision Song Contest». esctoday.com. Henta 4. desember 2016. 
  5. «Member States». De forente nasjoner – FN. Henta 20. desember 2016. 
  6. Juhász, Ervin (22. november 2013). «Serbia: RTS not going to Copenhagen». escXtra.com. Arkivert frå originalen 25. november 2013. Henta 23. november 2013.  Arkivert 25. november 2013 på Wayback Machine.
  7. Jiandani, Sanjay (26. september 2014). «Serbia: RTS confirms participation- opts for a national final». esctoday.com. ESCToday. Henta 26. september 2014. 

Kjelder

endre
  NODES
INTERN 2