Sesjonslaget er det femte av dei sju laga i OSI-modellen. Det utfører tenester for presentasjonslaget og nyttar tenestene på transportlaget. Laget held styr på kven sin tur det er til å senda, og om sambandet er ope eller ikkje. Når kommunikasjonen er i gang, er det sesjonslaget som administrerer dialogen.

Sesjonslaget er vanlegvis heilt ubrukt, men det er nyttig ved somme tilfelle. Eit enkelt døme er videokonferansar, der det er viktig at straumane med lyd og bilde passar saman.

  NODES
Done 1