Shaanxi
Shaanxi (forenkla kinesisk 陕西, pinyin Shǎnxī) er ein provins i Folkerepublikken Kina. Han ligg i dei sentrale delane av Kina. Delar av løssplatået ligg i provinsen og Huang He renn gjennom han, dessutan kryssar Qinlingfjella provinsen i sør. Shaanxi er, ved sidan av Gansu, opphavsstaden til språket til dungan, eit hui-folk som vandra ut av Kina til Sentral-Asia. Provinsen dekker ei flatevidd på 205 800 km². Xi'an er hovudstad i provinsen.
Shǎnxī | |||
陕西 | |||
provins | |||
Land | Folkerepublikken Kina | ||
---|---|---|---|
Areal | 205 800 km² | ||
Folketal | 37 327 378 (2010) | ||
Shaanxi 34°16′00″N 108°54′00″E / 34.266666666667°N 108.9°E | |||
Shaanxi i Kina.
| |||
Wikimedia Commons: Shaanxi |
Geografi
endreNordparten av Shaanxi er del av ein ørken som dominerer store delar av Indre Mongolia. Dei sentrale delane av provinsen er prega av løssjord. Qinlingfjella strekker seg frå aust til vest i dei sørlege, midtre delane av provinsen.
Klima
endreDet nordlege Shaanxi er kaldt om vinteren, og svært varmt om sommaren. Vinter og vår er turre årstider. Sør for Qinlingfjella er klimaet subtropisk, denne delen av provinsen får størst nedbørsmegd.
Årleg middeltemperatur er mellom 9 og 16 °C. For januar er spennet mellom –11 °C til 3,5 °C, i juni varierer middeltemperaturen frå 21 °C til 28 °C.
Demografi
endreBefolkninga består av 99,5 % hankinesarar. Eit muslimsk folk, hui, vandra truleg inn under Tang-dynastiet, og utgjer 0,4 % av folketalet.
Administrasjonseiningar
endreShaanxi er delt inn i 10 einingar på prefekturnivå; ein subprovinsiell by og ni byprefektur.
Kart | # | Namn | Hanzi | Pinyin | Administrativt sete | Type |
---|---|---|---|---|---|---|
1 | Xi'an | 西安市 | Xī'ān Shì | Weiyang | Subprovinsiell by | |
2 | Ankang | 安康市 | Ānkāng Shì | Hanbin | Byprefektur | |
3 | Baoji | 宝鸡市 | Bǎojī Shì | Weibin | Byprefektur | |
4 | Hanzhong | 汉中市 | Hànzhōng Shì | Hantai | Byprefektur | |
5 | Shangluo | 商洛市 | Shāngluò Shì | Shangzhou | Byprefektur | |
6 | Tongchuan | 铜川市 | Tóngchuān Shì | Yaozhou | Byprefektur | |
7 | Weinan | 渭南市 | Wèinán Shì | Linwei | Byprefektur | |
8 | Xianyang | 咸阳市 | Xiányáng Shì | Qindu | Byprefektur | |
9 | Yan'an | 延安市 | Yán'ān Shì | Baota | Byprefektur | |
10 | Yulin | 榆林市 | Yúlín Shì | Yuyang | Byprefektur |
Dei 10 einingane på prefekturnivå er oppdelt i til saman 107 einingar på fylkesnivå (24 distrikt, 3 byfylke og 80 fylke). Desse er vidare oppdelt i 1 745 einingar på kommunenivå (917 bykommunar, 680 landkommunar og 148 subdistrikt).
Økonomi
endreLandbruket skil seg mykje frå einannan, alt etter kvar ein er i provinsen. I Guanzhongdalen dyrkar ein hirse om sommaren og kveite om vinteren, bomull m.m. Husdyrhaldet er ganske omfattande, der esel og muldyr spelar ei viktig rolle i transporten. Ris og silke er viktigaste jordbruksprodukta.
Sørdelen av provinsen høyrer til det sørvestlege høglandet og kar-området, og er prega av dobbel innhausting, våtfeltsjordbruk og skogbruk. Mesteparten av dyrkamarka ligg under 900 meter over havet. På den lågtliggjande Hanzhongsletta er det intensiv risdyrking, etterpå plantar ein haustkveite. I fjellområda i Qin er mais og haustkveite dei viktigaste avlingane. Subtropiske avlingar som te, olje- og sitrusfrukter vert dyrka, og ei rekke andre frukter.
Weidalen er intensivt dyrka, og gjev føde til den tettfolka landsbygda. Meir enn halvparten av flatevidda er jordbruksareal. Dalen produserer ein større del ris, vinterkveite, tobakk og bomull, medan hirse, bygg, og mais vert stadig viktigare avlingar. I høgareliggjande område er hirse, havre og bokkveite dei vanlegaste kornslaga. Hamp, sesam, sukkerrøyr og raps er viktige avlingar, særleg i dei øvre delane av Wei- og Jingdalane. Ein haustar opptil tre avlingar annakvart år.
Det nordlege platået er derimot ein del av dei turre beitemarkane i Indre Mongolia. Beiting er særleg viktig aller nørdst og vest. Vårsådd kveite og hirse er dei viktigaste kornsortane, tilgangen på vatn er minimumsfaktoren for desse. Vekstsesongen er så kort at ein haustar berre ei avling pr år.
Det nordlege Shaanxi har elles rike reservar av olje og kol. Tre statlege oljeselskap råder over oljeressursane i provinsen, provinsstyresmaktene har ingen kontroll over desse. Kolreservoara i Shaanxi vert drive av ulike private selskap. Styresmaktene i byen Yan'an fordeler kolressursane. Kolgruver finst også fleire stader i sør. Naturgass vert utvunne ved Shaanganningfeltet ved grensa mot Gansu og Ningxia. Salt vert utvunne nordvest i provinsen.
Industrien har vore basert på foredling av lokale råvarer som bomull. Xi'an er ein skule- og universitetsby med allsidig industri. Større industri finn ein òg i Xianyang og Baoji, lengst vest i Guanzhongdalen, og i Hanzhong, endepunktet for båttransporten på elva Han.
Xi'an er eit av Kinas største turistmål.
Longhaibanen, ei av dei viktigaste aust–vest-gåande jarnbanelinjene i Kina, går gjennom Shaanxi.
Historie
endreDei fyrste menneska busette seg i Shaanxi for om lag 1,15 millionar år sidan, for seinare å trenge austover langs Huang He. Shaanxi vert halde for å vere ei av dei viktigaste voggene til den kinesiske sivilisasjon. Over 13 dynasti har hatt sine residensar i området, mellom dei Zhou-, Qin-, Han- og Tang-dynastia.
Den 2. februar 1556 vart provinsen råka av det ein meiner må ha vore det kraftigaste jordskjelvet i historia. Også naboprovinsane vart råka, og 830 000 menneske omkom.
Under dunganoppstandane vart provinshovedstaden Xi’an i 1862 omringa av taipingopprørarar som trengde inn i provinsen frå sør, året etter av muslimske huikinesarar. Fram til 1872 kontrollerte huikinesarar særleg provinsens nordlege og vestlege delar, men også nokre område sørpå, samt andre delar av det nordlege Kina. Under desse muslimske oppstandane vart mange millionar drepne, både hui- og hankinesarar. Då stridane ebba ut, var det svært få muslimar att i Shaanxi.
Mot slutten av 1911 erkærte provinsen Shaanxi seg uavhengig frå den keisarlege sentralregjeringa. Etter Republikken Kina vart oppretta, var Shaanxi frå 1916 borgarkrigsslagmark mellom «dei nordlege militaristane», kuomintangstyrkar og kommuniststyrkar. Rundt 1920 dominerte «Anhui-klikken» Shaanxi, men rundt 1924 styrte Zhiligeneralane og i 1926 Kuominchun. I den nordlege delen av provinsen etablerte kommunistane sitt sterke støttepunkt i og rundt Yan'an i 1935, området var endepunktet for Den lange marsjen.
Styresmakter
endreDen regionale leiaren i Kinas kommunistparti er Hu Heping. Guvernøren er Liu Guozhong (2019).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Shaanxi» frå Wikipedia på tysk, og «Shaanxi» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mars 2011.
- «Shaanxi» i Store norske leksikon, snl.no.