Sirkumpolarstjerne er ei stjerne plassert slik at avstanden frå himmelpolen er mindre enn polhøgda til observasjonsstaden. Under den daglege dreiinga til jorda vil ei sirkumpolarstjerne alltid vere over horisonten.