Spyttkjertel

eksokrin kjertel som skil ut spytt

Spyttkjertlane er mange små kjertlar i munnhola som produserer spytt. Det er dei tre store para med spyttkjertlar som produserer mest sekret, normalt ca. 1-2 liter i døgnet hos menneske.

Spytt inneheld slimliknande stoff, mucin, et såkalla glukoprotein som verkar smørande, samt det basiske enzymet amylase, som spaltar stivelse (eit polysakkarid) til disakkaridar. Spyttet hjelper også til med oppdelinga av mat i munnhola, gjennom å bløyte den opp.

  • Undertungespyttkjertelen (glandula sublingualis) finn vi i sulcus sublingualis (dei to skrå opphøgingane under tunga). Kjertelen tømmer sekretet i fleire små og ein stor utførselsgang like framføre tungebandet og bak fortennene i underkjeven.
  • Ørespyttkjertelen (glandula parotis) finn vi framføre øyret lengst bak på denne delen av sidegreina av underkjeven. Utførselsgangen lauper frametter utsida av den store tyggemuskelen og kjertelen tømmer seg på innsida av kinnet i høgde med 12-årsjekselen i overkjeven.
  • Underkjevespyttkjertelen (glandula submandibularis) finn vi bak musklane i munngolvet og ned under underkjevebeinet. Utførselsgangen går framover under tunga i sulcus sublingualis (dei to skrå opphøgingane under tunga) og ender opp bak fortennene i underkjeven.

Kjelder

endre
  • Artikkelen spyttkjertlene slik han var på bokmålswikipedia den 30. juni 2007.
  NODES
os 2