Steven Chu
amerikansk politikar og fysikar
Steven Chu (fødd 28. februar 1948) er ein amerikansk fysikar og demokratisk politikar. Som forskar er han særleg kjend for arbeidet sitt innan kjøling og lagring av atom med laserlys, som han vart tildelt Nobelprisen i fysikk for i 1997. Han delte prisen med amerikanske William D. Phillips og franske Claude Cohen-Tannoudji.
Steven Chu | |||
| |||
Fødd | 28. februar 1948 (76 år) St. Louis i Missouri | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | USA | ||
Område | atomfysikk | ||
Yrke | Fysikar | ||
Institusjonar | University of California, Berkeley Stanford University Bell Labs | ||
Alma mater | University of Rochester University of California, Berkeley Garden City High School | ||
Doktorgradsrettleiar | Eugene D. Commins | ||
Ektefelle | Jean Chu | ||
Medlem | Royal Society National Academy of Sciences Det kinesiske vitenskapsakademi Academia Sinica American Association for the Advancement of Science American Academy of Arts and Sciences American Philosophical Society American Physical Society Det pavelege vitskapsakademiet | ||
Verv | Energiminister i USA 2009–2013 | ||
Etterfylgjar | Ernest Moniz |
Chu vart energiminister i Barack Obama-regjeringa den 21. januar 2009. Chu er ein uttalt tilhengjar av meir forsking på alternative energikjelder og kjernekraft, og meiner at å gå vekk frå fossilt brensel er essensielt for å kjempe mot global oppvarming.[1][2][3]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Steven Chu» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ H. Josef Hebert (11-12-2008). «Energy secretary pick argues for new fuel sources». Associated Press. Henta 21-12-2009.
- ↑ Sarah Jane Tribble (18-06-2007). «Nuclear: Dark horse energy alternative». Oakland Tribune. Arkivert frå originalen 29. august 2013. Henta 21-12-2009.
- ↑ Direktørene ved Energidept's laboratorier (august 2008). «A Sustainable Energy Future: The Essential Role of Nuclear Energy» (PDF). USAs energidepartement.