Tammerfors

bykommune i landskapet Birkaland i Finland

Tammerfors (svensk), finsk Tampere, er ein by i Finland. Med 204 385 innbyggjarar (2006) er han den nest største byen i Finland og den største innlandsbyen i Norden. Tammerfors ligg mellom innsjøane Näsijärvi og Pyhäjärvi.

Tammerfors/Tampere
Tampereen kaupunki
Tammerfors stad
by
Våpenskjold
Land  Finland
Region Birkaland
Areal 524,89 km²
Folketal 204 385  (2006)
Kart
Tammerfors
61°29′53″N 23°45′36″E / 61.498055555556°N 23.76°E / 61.498055555556; 23.76
Tammerfors i Finland
Tammerfors i Finland
Tammerfors i Finland
Wikimedia Commons: Tampere

Historie

endre
 
Industribygg ved elva Tammerkoski i Tammerfors.

Byen blei grunnlagd av Gustav III av Sverige den 1. oktober 1779 ved fossefalla mellom sjøane Näsijärvi og Pyhäjärvi, der det blei bygd ei demning. Namnet på byen kjem frå dette, fors (foss) og damber (demning). Den lokale vasskrafta førte til rask utvikling av industri i området, og vidare ein eksplosiv folketalsauke. I laupet av dei tretti åra frå 1820 til 1850 voks innbyggjartalet frå rundt tusen til tre tusen.

Kjende folk frå Tammerfors

endre

Kjelder

endre
Fotnotar
  1. «Viljo Kajava». Store norske leksikon. 20. mars 2018. Henta 5. juli 2018. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tammerfors
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
  NODES