Taurikura er ein liten, landleg busetnad i Whangarei District, om lag 30 kilometer søraust for Whangarei city i regionen NorthlandNew Zealand.

Taurikura landhandel og Mount Manaia
Mount Manaia sett frå hamna i Taurikura

Byen ligg ved stranda i havbukta Calliope Bay ved foten av det 420 meter høge fjellet Mount Manaia som — saman med Bream Head og øyene Hen and Chicken Islands — er restar etter ein svært gammal vulkan.

I Taurikura ligg mellom anna ein baptisteigd leirstad og ein landhandel. Den lokale skulen er Whangarei Heads School (frå 1858), som gjer krav på å vera den nest eldste skulen på New Zealand som ennå held til på den opphavlege staden.

Byen byr på fleire gode utsiktspunkt over mot oljeraffineriet Marsden Point Oil Refinery som ligg på motsett side av Whangarei Harbour.

Berre eit kort stykke unna byen ligg fleire framifrå havstrender.

Referansar

endre

1. Geological Society of New Zealand Årskonferanse, 2.-5. desember 2002 Arkivert 2006-06-22 ved Wayback Machine.

2. Vevsida til Whangarei Heads School

3. Northland Naturally, Vevside til Mount Manaia Arkivert 2007-10-24 ved Wayback Machine.

Bakgrunnsstoff

endre

Whangarei Heads turistinformasjon Arkivert 2019-01-21 ved Wayback Machine.

35°49.36′S 174°31.40′E / 35.82267°S 174.52333°E / -35.82267; 174.52333

  NODES
mac 3