Ein tenorsaksofon er eit middels stort musikkinstrument i saksofonfamilien som vart oppfunne av Adolphe Sax i 1840-åra. Saksofonen er stemd i H, og er dermed eit transponerande instrument.

Tenorsaksofon
Tenorsaksofonmunnstykke. Den til venstre er av ebonitt og er for klassisk musikk og korps, den til høgre er laga av metall og vert brukt i jazz.

Han kling éin oktav mørkare enn sopransaksofonen, men har ein meir jazz-aktig klang.

Utsjånad

endre

Tenorsaksofonen består hovudsakleg av eit langt, bøygd messingrøyr med fleire runde hol på, og over desse ligg klaffar til å avgjera kva for ein tone som vert spelt. Klaffane er i eit nettverk av stenger slik at musikaren kan spela instrumentet med ni fingrar (høgre tommel brukast for å støtta saksofonen) på minst 23 av klaffane på instrumentet. Saksofonen mæler mellom 80 og 85 cm, og er synleg større enn altsaksofonen

Tenor er delt opp i tre delar: Munnstykket, halsen og kroppen.

  • Munnstykket er oftast laga av ebonitt eller metall, og er den delen som lagar lyden til instrumentet; resten av instrumentet forsterkar berre og forandrar tonehøgda. Materialen munnstykket er laga i spelar mindre rolle, det er den interne arkitekturen som utgjer skilnad i klangen. Marcel Mule brukte metallmunnstykke i store delar av sin karriere, medan til dømes Stan Getz og Gerry Mulligan brukte munnstykke av ebonitt. Det vert montert på eit røyrblad på munnstykket, røyrbladet vibrerer, og lagar lydar.
  • Halsen på tenorsaksofonen er både bøygd og knokke, til skilnad frå alt- og sopransaksofonen der han er høvesvis berre knokken og rett.
  • Kroppen på instrumentet er frå der halsen sluttar og heilt til slagstykket, altså der lyden kjem ut. Kroppen har dei aller fleste klaffane, og har ein baud omtrent to tredelar ut i røyret.

Historie og bruksområde

endre

Tenorsaksofonen vart oppfunnen av Adolphe Sax i midten av 1840-åra. Frå byrjinga av vart ikkje tenorsaksofonar og saksofonar generelt akseptert, men etter kvart fekk instrumentet meir og meir heider. I byrjinga på 1900-talet vart ein ny tenorsaksofon laga, ein såkalt C melody, eller C-saksofon, og denne var vanleg i 1920-åra. Fordelen med ein C melody-saksofon var at han var stemd i C, det same som mellom anna piano er, og då kunne piano og saksofon spela saman frå same note utan å transponere. Men brått i år 1929 slutta saksofonprodusentane å laga desse saksofonane, og i dag er det svært uvanleg å bruka C melody-saksofonar i nokon som helst form for musikk.

Tenorsaksofonen vert brukt til mange ulike former for samspel, som janitsjarkorps, storband, danseband og jazzensemble. I nokre tilfelle vert tenorsaksofonen òg brukt i symfoniorkester og kammermusikk, som i Maurice Ravel sin Bolero. I orkester spelar tenorsaksofonen vanlegvis ei slag støtterolle saman med eufonium, valthorn og trombone. I jazzband er tenorsaksofonen meir framtredande, og spelar ofte melodien og dessutan at den brukast som improviseringsinstrument.

Jazz og populærmusikk

endre

Tenorsaksofonen vart betre kjent gjennom den hyppige nytta av instrumentet i jazzmusikk. Coleman Hawkins gav tenorsaksofonen nytt liv i 1930-åra frå å vera eit «hjelpeinstrument» saman med blant anna valthorn til å verta eit fullverdig melodi- og improviseringsinstrument.

Mange kjende jazzmusikarar frå 1940-talet og utover har vore tenorsaksofonistar. Dei spelte i ulike jazz-artar, alt frå den sterke, klangfulle lyden til Coleman Hawkins og hans tilhengarar, til den muntra og lystige stilen til Lester Young og hans følgje. Under bebop-tida kom den meste framståande tenorsaksofonen-musikken frå jazz-standardar (som Four Brothers) frå Woody Herman sitt orkester, og seinare på 1960-talet fekk Stan Getz stor suksess ved å spela bossa nova-musikk på hornet.

Som eit resultat av framgangen i amerikansk jazz, fekk instrumentet òg hovudroller i andre sjangrar. Tenorsaksofonen er svært vanleg i rhythm and blues, og vert òg brukt i rock and roll og den nyare rocken. Instrumentet vert òg nytta i afroamerikansk musikk, latinmusikk og afrikansk musikk. Nokre gonger har den òg vorte brukt i post-punk og eksperimentelle band rundt om i Storbritannia i 80-åra, nokon gonger òg atonalt.

Utvida register

endre

På alle saksofonar, og då spesielt tenor, er det vanleg å spela i utvida register. Kjende saksofonistar, som John Coltrane, Michael Brecker, James Haulik, Sonny Rollins og Lenny Pickett, brukte alle eit register som vert kalla altissimo, og er tonar som ligg høgare enn f3. Tonar i altissimo held fram heilt til dei ikkje kan høyrast, men dei vanlegaste på saksofonen er trestrøken fiss, g, giss, a, b, h, og firstrøken c, ciss, d, ess, e og f. På tenorsaksofon kan ein òg gå nedanfor b (vesle b) ved å spela b og sette låret inntil slagstykket på instrumentet. Det vil då klinge a.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  NODES
orte 1
punk 1