The Byrds var eit amerikansk rockeband som vart skipa i Los Angeles i California i 1964.[1] Bandet hadde mange forskjellige medlemmer medan det eksisterte, og frontmannen Roger McGuinn (òg kjend som Jim McGuinn) var det einaste medlemmet som var med heile vegen fram til bandet vart oppløyst i 1973.[2] Kommersielt sett var gruppa berre like stor som The Beatles, The Beach Boys og The Rolling Stones ein kort periode i 1965 og 1966, men vert likevel i dag rekna for å vere eit av dei viktigaste banda frå 1960-åra.[1] The Byrds var pionerar innan sjangeren folkrock, og påverka slik The Beatles og andre band i den britiske bølgja med kontemporær og tradisjonell folkemusikk.[3] Utover i 1960-åra vart bandet òg viktige innan utviklinga av psykedelisk rock, ragarock og countryrock.[1][4][5] I tillegg har blandinga av den klåre vokalharmonien til bandet og den klirrande elektriske tolvstrengs Rickenbacker-gitaren til McGuinn hatt innverknad på popmusikk heilt fram til i dag.[1][6] Av dei mest kjende songane til bandet finn ein coverversjonane av Bob Dylan sin «Mr. Tambourine Man» og Pete Seeger sin «Turn! Turn! Turn!», i lag med dei sjølvskrivne «I'll Feel a Whole Lot Better», «Eight Miles High», «So You Want to Be a Rock 'n' Roll Star», «Ballad of Easy Rider» og «Chestnut Mare».

The Byrds

OpphavLos Angeles i California i USA
Aktiv1964–1973; 1988–1990
SjangerRock, pop, folkrock, psykedelisk rock, ragarock, countryrock
Tilknytte artistarThe Jet Set, The Beefeaters, The Flying Burrito Brothers, Crosby, Stills, Nash & Young, Firefall, The Desert Rose Band
PlateselskapColumbia, Asylum, Elektra
Tidlegare medlemmerRoger McGuinn
Gene Clark
David Crosby
Chris Hillman
Michael Clarke
Kevin Kelley
Gram Parsons
Clarence White
Gene Parsons
John York
Skip Battin
PrisarRock and Roll Hall of Fame

Dei opphavlege fem medlemmene i The Byrds bestod av Jim McGuinn (sologitar, vokal), Gene Clark (tamburin, vokal), David Crosby (rytmegitar, vokal), Chris Hillman (bassgitar, vokal) og Michael Clarke (trommer).[7] Denne utgåva av bandet var kortvarig og tidleg i 1966 forlet Clark bandet sidan han i aukande grad isolerte seg frå resten av bandet på grunn av angst.[8] The Byrds heldt fram som ein kvartett fram til seint i 1967 då Crosby og Clarke òg forlet bandet.[9] McGuinn og Hillman tok då inn nye medlemmer, inkludert countryrock-pioneren Gram Parsons, men seint i 1968 hadde både Hillman og Parsons slutta i bandet.[1] McGuinn, som på denne tida hadde skifta namn til Roger etter å ha vorte involvert i religionen Subud,[2] bygde så eit nytt band mellom 1968 og 1973.[1] McGuinn kasta ut alle i bandet tidleg i 1973 og gjenforeinte den opphavlege kvintetten.[10] Det siste albumet til The Byrds kom ut i mars 1973 med den gjenforeinte gruppa. Bandet vart oppløyst like etter.[11]

Fleire tidlegare medlemmer i bandet har hatt suksessrike karriere på eiga hand, anten som soloartistar eller i andre band, slik som Crosby, Stills, Nash & Young eller The Desert Rose Band.[1] Seint i 1980-åra byrja Gene Clark og Michael Clarke begge å turnere som The Byrds, og dette medførte søksmål frå McGuinn, Crosby og Hillman om retten til bandnamnet.[12] Som følgje av dette frmaførte McGuinn, Crosby og Hillman fleire konsertar som The Byrds mellom 1988 og 1990, samt at dei spelte inn fire nye Byrds-songar.[13][14] Den 16. januar 1991 vart The Byrds innlemma i Rock and Roll Hall of Fame og det originale bandet spelte i lag for siste gong.[15][16] McGuinn, Crosby og Hillman er framleis aktive, medan Gene Clark døydde av hjarteattakk i 1991 og Michael Clarke døydde av leverinsuffisiens i 1993.[17][18]

Historie

endre

Starten (1964)

endre
 
The Byrds i 1965

Kjernen i The Byrds vart skipa tidleg i 1964 då Jim McGuinn, Gene Clark og David Crosby kom i lag som ein trio.[19] Dei tre musikarane hadde alle røter i folkemusikk, og kvar av dei hadde arbeidd som visesongarar i den akustiske kaferørsla tidleg i 1960-åra.[1] I tillegg hadde dei alle spelt i forskjellige college-band: McGuinn med The Limeliters og Chad Mitchell Trio, Clark med The New Christy Minstrels og Crosby med Les Baxter's Balladeers.[20][21][22] McGuinn hadde òg arbeidd som profesjonell låtskrivar i Brill Building i New York City som lærling under Bobby Darin.[23] Tidleg i 1964 hadde han vorte begeistra for The Beatles og starta å spele akustiske versjonar av songane deira i tillegg til det vanlege folkeviserepertoaret sitt.[19] Då han spelte på viseklubben The Troubadour i Los Angeles møtte han Gene Clark, som òg var stor Beatles-fan, og dei danna ein Peter and Gordon-liknande duo, som spelte coverversjonar av Beatles, Beatles-liknande utgåver av tradisjonelle viser og nokre eigne songar.[1][19][24] Like etter møtte dei David Crosby på The Troubadour då han byrja å synge harmonivokal på nokre av songane deira.[25] Dei vart så imponert av måten stemmene deira blanda seg på at dei danna ein trio og kalla seg The Jet Set.[25]

Crosby introduserte McGuinn og Clark for kjenningen Jim Dickson, som hadde tilgang til World Pacific Studios, der han hadde spelt inn demoane til Crosby.[25] Dickson tok raskt på seg rolla som manager for bandet og nytta World Pacific til å spele inn musikken til trioen.[26][27] Det var under øvingane på World Pacific at folkrock-stilen med å blande sine eigne Beatles-påverka songar med kontemporære visesongar starta.[27] I starten kom denne blandinga frå folkemusikkrøtene til bandet og ønsket deira om å kopiere The Beatles, men etter kvart som øvingane heldt fram byrja bandet å prøve å skape ei bru mellom folkemusikken og rocken.[25][28]

Trommeslagar Michael Clarke vart med i The Jet Set i midten av 1964.[29] Clarke vart hovudsakleg teken inn i bandet på grunn av at han såg bra ut og hadde ein Brian Jones-aktig frisyre, og ikkje så mykje på grunn av den musikalske erfaringa si.[30] Clarke eigde ikkje ein gong sitt eige trommsett og måtte i starten spele på pappboksar og ein tamburin.[30] Etter kvart som bandet heldt fram å øve, fekk Dickson i stand ein enkelavtale om ei singelutgjeving på Elektra Records.[8] Singelen inneheldt dei originale «Please Let Me Love You» og «Don't Be Long» med McGuinn, Clark og Crosby, samt studiomusikarane Ray Pohlman på bass og Earl Palmer på trommer.[8] I eit forsøk på å tene pengar på den britiske bølgja som dominerte dei amerikanske hitlistene på denne tida, endra bandet namn til det meir britiskaktige The Beefeaters.[8] «Please Let Me Love You» vart gjeven ut på Elektra Records den 7. oktober 1964, men nådde ikkje listene.[31]

I august 1964 fekk Dickson tak i ei acetatskive av Bob Dylan-songen «Mr. Tambourine Man», som då ikkje var gjeven ut enno. Han følte at dette kunne vere ein bra song for The Jet Set.[29][32] Sjølv om bandet i starten ikkje likte songen, starta dei å øve inn songen med eit rockearrangement, og endra tempobetegnelsen frå 2/4 til 4/4.[32][33] Like etter, inspirert av The Beatles-filmen A Hard Day's Night, valde bandet å skaffe seg liknande instrument som heltane sine: ein Rickenbacker tolvstrengsgitar for McGuinn, ein Gretsch Tennessean for Clark (sjølv om Crosby tok over denne like etter) og Ludwig-trommer for Clarke.[29][34] I oktober 1964 henta Dickson mandolinspelaren Chris Hillman som bassisten i The Jet Set.[35] Bakgrunnen til Hillman var meir retta mot country enn folk og rock, og hadde vore medlemm i bluegrassgruppene Scottsville Squirrel Barkers, Golden State Boys (òg kjend som The Hillmen) og samstundes med at han vart tilsett i The Jet Set, The Green Grass Group.[36][37] Gjennom kjennskapen Dickson hadde med impresarioen Benny Shapiro og jazztrompetisten Miles Davis, fekk bandet platekontrakt med Columbia Records den 10. november 1964.[38] To veker seinare, under thanksgiving 1964, endra bandet namnet til The Byrds.[38][39]

Folkrock (1965–1966)

endre

Den 20. januar 1965 gjekk The Byrds inn i Columbia Studios i Hollywood for å spele inn «Mr. Tambourine Man», som så skulle ut som debutsingelen deira for Columbia.[31][40] Sidan bandet enno ikkje hadde vorte gode nok musikalsk, var McGuinn den einaste i bandet som spelte på «Mr. Tambourine Man» og Gene Clark-songen «I Knew I'd Want You».[38] I staden for å bruke bandmedlemmene brukte produsent Terry Melcher i staden for dei innleigde The Wrecking Crew, ei gruppe studiomusikarar som bestod av Hal Blaine, Larry Knechtel, Jerry Cole og Leon Russell, som (i lag med McGuinn på gitar) akkompagnerte songen til McGuinn, Crosby og Clark.[38][41] Då det var tid for å starte innspelinga av debutalbumet deira i mars 1965, var derimot Melcher sikker på at bandet var flinke nok til å spele inn musikken sin sjølve.[41] Sidan dei hadde nytta musikarar utanfrå på debutsingelen, førte dette til at mange trudde dei heller ikkje spelte på debutalbumet.[1]

Medan bandet venta på at «Mr. Tambourine Man» skulle kome ut, slo dei seg ned ved nattklubben Ciro's Le DiscSunset Strip i Hollywood.[42] Dei spelte fast her i mars og april 1965. Her finslipte dei spelinga si, lærte å te seg på scenen og utvida repertoaret sitt.[42][43] Det var i denne tida dei byrja å få tilhengjarar i ungdomskulturen i Los Angeles og dei hippe menneska i Hollywood med folk som Kim Fowley, Peter Fonda, Arthur Lee og Sonny & Cher.[44][45][46] Den 26. mars 1965 vitja Bob Dylan klubben og vart med The Byrds på scenen for ei utgåve av Jimmy Reed sin «Baby What You Want Me to Do».[42] The Byrds fekk raskt eit rykte på Ciro's og stadig fleire tenåringar byrja å fylle fortauet utanfor klubben, desperat etter å kome seg inn å sjå bandet spele.[42] Fleire kjende musikkhistorikarar og forfattarar, som Richie Unterberger, Domenic Priore og Peter Buckley, har foreslått at denne ungdomsgruppa som samla seg utanfor Ciro's for å sjå The Byrds var starten på hippierørslaVestkysten.[7][43][47]

Columbia Records gav omsider ut «Mr. Tambourine Man» på singel den 12. april 1965.[31] Denne fulle, elektriske rockehandsaminga The Byrds og Terry Melcher hadde gjeve songen fungerte som ein mal for sjangeren folkrock.[48][49] Den melodiske, klirrande tolvstrengsgitaren til McGuinn, som vart kraftig komprimert for å skape den særs lyse, hengande tonen, starta umiddelbart og påverka andre musikarar og gjer det framleis i dag.[40][50] Singelen synte òg ein annan særs karakteristisk del av stilen til bandet med dei komplekse vokalharmoniane, som vanlegvis var McGuinn og Clark i samklang med Crosby på høg harmoni.[51][52] I tillegg tok den abstrakte songteksten låtskrivinga i rock og pop til nye høgder. Aldri før hadde eit slik intellektuelt og litterært ordspel vorte kombinert med rockemusikk.[53]

I løpet av tre månader hadde «Mr. Tambourine Man» vorte den første folkrockhitten,[54] og nådde førsteplassen i både USA og i Storbritannia.[55][56] Den store suksessen til singelen førte til eit stort oppsving for folkrock i 1965 og 1966 då fleire Byrds-aktige band overfløymde dei amerikanske og britiske hitlistene.[53][57] Albumet Mr. Tambourine Man kom ut 21. juni 1965,[31] og nådde sjetteplass i USA og sjuandeplass i Storbritannia.[56][58] Albuma var ei blanding av omarbeidde folkesongar, som Pete Seeger si tilpassing av Idris Davies-diktet «The Bells of Rhymney» med fleire Dylan-innspelingar og bandet sine eigne songar. Dei fleste av desse songane vart skrivne av Gene Clark.[59][60] Særleg har Clark sin «I'll Feel a Whole Lot Better» vorte ein av rockestandardane,[61] og mange kritikarar reknar songen som både ein av bandet og ein av Clark sine beste.[62][63][64] Mr. Tambourine Man-albumet, som singelen med same namn, var viktig i populariseringa av folkrocken[59] og gjorde bandet til eit internasjonalt kjend band. Dei vart det første amerikanske bandet som utfordra dominansen til The Beatles og den britiske bølgja.[1][65]

Den neste singelen til The Byrds var «All I Really Want To Do», ei anna tolking av ein Dylan-song.[66] Han kom ut 14. juni 1965, medan «Mr. Tambourine Man» framleis klatra på dei amerikanske listene. Singelen vart gjeven ut i hastverk fordi Columbia Records prøvde å slå Cher si utgåve av den same songen, som kom ut samstundes på Imperial Records.[66][67] Begge singlane gjekk inn på lista, men The Byrds si utgåve stoppa på 40. plass, medan Cher si utgåve gjekk til 15. plass.[67] Det motsette skjedde i Storbritannia der The Byrds-utgåva nådde 4. plass og Cher nådde 9. plass.[68]

For den tredje singelen deira på Columbia skulle The Byrds opphavleg gje ut enno ein Dylan-song, «It's All Over Now, Baby Blue» (han vart til og med spelt som premiere på radiostasjonen KRLA),[69], men i staden for valde dei å spele inn «Turn! Turn! Turn! (to Everything There is a Season)», ein Pete Seeger-song med tekst som var teken nesten direkte frå Forkynnaren.[70][71] Det var McGuinn som tok songen med seg til bandet. Han hadde tidlegare arrangert denne songen i ein kammerfolkstil då han arbeidde på albumet Judy Collins 3 av visesongaren Judy Collins i 1963.[71] The Byrds si utgåve av «Turn! Turn! Turn! (to Everything There is a Season)» kom ut 29. oktober 1965 og vart den andre singelen deia som gjekk til topps i USA. Det var òg tittelen på det neste albumet deira.[71] Singelen kom ut samstundes med at Vietnamkrigen var i ferd med å eskalere, og meldinga om fred og toleranse i songen trefte ein nerve hos dei amerikanske platekjøparane, og representerte høgdepunktet for folkrock på hitlistene.[71][72]

Det andre albumet til The Byrds, Turn! Turn! Turn!, kom ut i desember 1965,[73] og som debutalbumet bestod det av ei blanding av originale songar, folkeviser og Bob Dylan-songar. Alle hadde klåre harmoniar og den særeigne gitarstilen til McGuinn.[74] Dette albumet inneheldt fleire av bandet sine eigne songar enn det førre albumet, og Gene Clark tredde særleg fram som låtskrivar.[75] Songane hans frå denne perioden, som «The World Turns All Around Her», «She Don't Care About Time» og «Set You Free This Time», vert av kritikarar rekna blant dei beste innan folkrocksjangeren.[76][77] Den sistnemnde songen vart gjeven ut på singel i januar 1966, men med mykje tekst, melankolsk melodi og ballade-liknande tempo, stoppa den på 63. plass i USA og nådde ikkje lista i det heile i Storbritannia.[78][79]

Psykedelia (1965–1967)

endre

Den 22. desember 1965 spelte The Byrds inn ein ny sjølvskriven song kalla «Eight Miles High» ved RCA Studios i Hollywood.[80] Songen representerte eit kreativt sprang framover for bandet[81] og vert ofte rekna som den første verkelege innspelinga av psykedelisk rock av kritikarar, sjølv om andre samtidige artistar som Donovan og The Yardbirds, òg utforska liknande musikalske retningar.[82][83][84] Songen var òg sentral i å omdanne folkrock til nye musikalske former i psykedelia og ragarock.[85][86] Columbia Records nekta først å gje ut denne versjonen fordi han hadde vorte spelt inn i studioet til eit anna plateselskap.[87] Bandet vart derfor tvungen til å spele inn «Eight Miles High» på ny i Columbia Studios i Los Angeles den 24. og 25. januar 1966 og det var denne nyinnspelte utgåva som kom ut på singel.[88][89]

Songen er prega av den banebrytande sologitaren til McGuinn, der han prøver å etterlikne frijazz-saksofonspelinga til John Coltrane og særleg songen «India» frå Coltrane-albumet Impressions.[85] «Eight Miles High» syner òg påverknad frå indisk musikk av Ravi Shankar i den monotone kvaliteten ein finn i vokalmelodien og gitaren til McGuinn.[90][91] Sidan han hadde ein svak indisk påverknad vart songen omtalt som «ragarock» av musikkpressa, men i røynda var det B-sida på singelen, «Why», som var meir direkte prega av indisk raga.[85][90] Då songen kom ut vart han bannlyst av mange amerikanske radiostasjonar, sidan det vart hevda at teksten omtalte narkotikabruk.[92] Bandet og leiinga deira nekta at det var slike samanhengar i teksten, og sa at teksten skildra ein flytur til London og den komande turneen til bandet i England.[92] «Eight Miles High» nådde berre 14. plass i USA og 24. plass i Storbritannia, men ein trur dette kjem av at han vart spelt lite på radio, samt at han var utfordrande og noko ukommersiell.[85][92][93]

I februar 1966, like før «Eight Miles High» kom ut, forlet Gene Clark bandet.[94] Dette kom hovudsakleg av at han hadde flyskrekk, noko som gjorde det umogeleg for han å følgje reiseruta til The Byrds. I tillegg isolerte han seg stadig meir frå resten av bandet.[95] Clark, som hadde vore vitne til ein dødeleg flystyrt då han var ung, hadde fått eit panikkåtak på eit fly på veg til New York og han forlet flyet og nekta å fly meir.[96] I røynda forlet Clarke bandet samstundes med at han forlet flyet, og McGuinn sa til han: «Om du ikkje kan fly, kan du ikkje vere ein Byrd».[95] Det har derimot vorte kjend i seinare år at det var andre stressfaktorar i biletet, samt at resten av bandet ikkje likte at inntektene Clarke hadde fått etter låtskrivinga si gjorde han til det rikaste medlemmet i gruppa.[95][96] Clark fekk seinare platekontrakt som soloartist på Columbia Records og lagde fleire kritikarroste album som selde dårleg.[12]

Det tredje albumet til The Byrds, Fifth Dimension, kom ut i juli 1966.[97] Mange av songane på albumet bygde vidare på den nye psykedeliske stilen til bandet der McGuinn utforska jazz- og ragastilar på songar som «I See You» og «What's Happening?!?!», som vart skriven av Crosby.[89] Tittelsporet på albumet, «5D (Fifth Dimension)», kom ut som singel føre albumet og vart som «Eight Miles High», bannlyst av mange radiostasjonar i USA fordi teksten visstnok støtta narkotikabruk.[78][98] Fifth Dimension fekk blanda kritikk då det kom ut[98] og selde ikkje like mykje som føregangarane. Det nådde 24. plass i USA og 27. plass i Storbritannia.[56][58]

Bandet gjekk i studio igjen mellom 28. november og 8. desember 1966 for å spele inn det fjerde albumet deira, Younger Than Yesterday.[99] Den første songen som vart innspelt vart skriven av McGuinn og Hillman, «So You Want to Be a Rock 'n' Roll Star», ein satirisk og særs sarkastisk song om dei fabrikerte banda som The Monkees.[100][101] Songen inneheld trompet spelt av den sørafrikanske musikaren Hugh Masekela og var første gong Byrds nytta blåsarar på ei innspeling.[102] «So You Want to Be a Rock 'n' Roll Star» vart gjeven ut som singel i januar 1967 og gjorde det forholdsvis bra på listene i USA, men nådde ikkje lista i det heile i Storbritannia.[103] Songen var òg opningssporet på Younger Than Yesterday.[104] Albumet kom ut i februar 1967 og det fjerde albumet deira var meir variert enn føregangaren. Bandet blanda psykedelia med folkrock og country.[104] Sjølv om det hovudsakleg fekk positiv kritikk då det kom ut, vart det stort sett oversett av platekjøparane og nådde berre 24. plass i USA og 37. i Storbritannia.[103][104] I tillegg til «So You Want to Be a Rock 'n' Roll Star», inneheld Younger Than Yesterday òg den jazz-prega Crosby-ballad «Everybody's Been Burned», ein cover av Dylan sin «My Back Pages» (som seinare vart gjeven ut som singel) og fire songar skrivne av Chris Hillman, der han endeleg tredde fram som ein fullverdig låtskrivar.[102][104] To av dei country-prega songane til Hillman, «Time Between» og «The Girl with No Name», peika begge tidleg mot countryrock-retninga bandet skulle ta seinare.[102]

Siste halvdel av 1967 spelte The Byrds inn det femte albumet sitt, The Notorious Byrd Brothers.[99] Her tok bandet den psykedeliske eksperimenteringa til det mest ekstreme og blanda folkrock, country, jazz og psykedelia, ofte i same song, og nytta nye studiobaserte produksjonsteknikkar som phasing og flanging.[105][106][107] Med på albumet var fleire studiomusikarar, mellom anna bluegrassgitaristen og det framtidige medlemmet av The Byrds, Clarence White.[108] White, som òg spelte gitar på Younger Than Yesterday,[105] medverka med country-aktig gitar på songane «Natural Harmony», «Wasn't Born to Follow» (som seinare var med på filmmusikken til Easy Rider) og «Change Is Now».[99][109] Då det kom ut fekk det god kritikk dei fleste stader, men selde likevel dårleg, særleg i USA, det der berre nådde ein skuffande 47. plass.[110] Ryktet til albumet har derimot vokse i løpet av åra og vert i dag rekna som eit av dei beste albuma til The Byrds av både tilhengjarar og kritikarar.[106][111]

Endringar (1967–1968)

endre

Medan bandet arbeidde på The Notorious Byrd Brothers seint i 1967 var det mykje spaning og bitterheit mellom medlemmene i bandet, noko som til slutt medførte at Crosby og Clarke slutta.[105][106] McGuinn og Hillman vart stadig meir irritert på den hovmodige egoismen til Crosby og forsøka hans på å diktere den musikalske retninga til bandet.[112][113] I tillegg, under konserten The Byrds heldt på Monterey Pop Festival den 17. juni 1967, heldt Crosby lange talar innimellom songane om kontroversielle emne, som mordet på John F. Kennedy og fordelane med å gje LSD til «alle statsoverhovud og politikarar i verda». Dette irriterte resten av bandet særs mykje.[114] Han irriterte dei ytterlegare ved å spele saman med rivalane Buffalo Springfield ved Monterey, der han steppa inn for Neil Young.[115] Statusen hans i bandet vart enno verre etter at singelen «Lady Friend», som var skriven av Crosby, selde dårleg og berre nådde 82. plass på lista.[112][116]

Spaningane braut til slutt ut i august 1967 under innspelinga av The Notorious Byrd Brothers, då Michael Clarke slutta i gruppa etter å ha krangla med medlemmene fordi han var misnøgd med songane bandet skreiv.[18][117][118] Studiotrommisane Jim Gordon og Hal Blaine vart teken inn for å erstatte Clarke mellombels.[18][117] Så, i september, nekta Crosby å delta på innspelinga av GoffinKing-songen «Goin' Back»,[117] og meinte songen var langt dårlegare enn hans eigen «Triad», ein song om seksuell trekant som var i direkte konkurranse med «Goin' Back» om ein plass på albumet.[106] Crosby meinte at bandet burde nytte seg av sjølvskrivne songar i staden for songar av andre artistar og låtskrivarar.[119] Han gav etter kvart «Triad» til San Francisco-bandet Jefferson Airplane, som tok han med på albumet deira Crown of Creation frå 1968.[117][120] Spaningane nådde brytepunktet i oktober 1967, då McGuinn og Hillman køyrte heim til Crosby og gav han sparken på bandet, og sa at dei ville klare seg betre utan han.[113] Crosby fekk så eit kontantoppgjer, som han kjøpte ein seglbåt for[113] og kort tid etter byrja han å spele med Stephen Stills og Graham Nash i den suksessrike supergruppa Crosby, Stills & Nash.[22]

Etter at Crosby forlet The Byrds, kom Gene Clark ein kort periode tilbake til bandet, men forlet dei etter berre tre veker då han igjen nekta å gå ombord på eit fly.[121] Det er noko usemje mellom biografar og bandhistorikarar om Clark faktisk deltok på innspelinga av The Notorious Byrd Brothers eller ikkje.[119] Det finst spor som tyder på at Clark faktisk medverka med korvokal på songane «Goin' Back» og «Space Odyssey», men om det er sant er dei ikkje særleg tydelege i miksen.[119][121] Michael Clarke kom òg ei kort stund tilbake til bandet mot slutten av innspelinga, men McGuinn og Hillman sparka han så frå bandet.[108]

McGuinn og Hillman var no redusert til ein duo og valde å hente inn nye bandmedlmmer. Søskenbarnet til Hillman, Kevin Kelley, vart raskt tilsett som ny trommeslagar[122] og trioen la ut på ein college-turne tidleg i 1968 for å promotere The Notorious Byrd Brothers.[123] Det synte seg snart at det ikkje var mogeleg å gjenskape studioinnspelingane med berre tre mann i bandet, så McGuinn og Hillman, i det som skulle vise seg å vere lagnadstung avgjersle for den framtidige karrieren deira, henta inn Gram Parsons på keyboard, men han flytta raskt over på gitar.[123][124] Sjølv om Parsons og Kelley begge vart rekna som fulle medlemmer av The Byrds, fekk dei i røynda løn frå McGuinn og Hillman og signerte ikkje med Columbia Records då platekontrakten til The Byrds vart fornya den 29. februar 1968.[125] Etter å ha vorte medlem i bandet, starta Parsons å utøve sin eigen musikalske agenda der han ønskte å foreine kjærleiken sin for country med ungdomen sin kjærleik for rock, for slik å gjere country attraktiv for ungdomskulturen.[124][126] Han fann sin likemann i Hillman, som hadde spelt mandolin i fleire bluegrassband før han vart med i The Byrds.[124] I tillegg hadde Hillman òg tidlegare overtalt The Byrds til å nytte svake hint av country i musikken deira på songane hans «Time Between» og «The Girl with No Name» frå Younger Than Yesterday.[124] Han og Parsons overtalte McGuinn til å endre retning og utforske country.[123]

Countryrock (1968–1973)

endre
 
Clarence White og Rober McGuinn i 1972

The Byrds hadde alt starta innspelinga for det neste albumet deira ved Columbia i Nashville, då dei spelte på Grand Ole Opry i Nashville, den 15. mars 1968.[127] Bandet var det første bandet av «langhåra» hippiar som spelte på denne ærverdige countryfestivalen, noko som var kontroversielt i Nashville på denne tida. The Byrds hadde klipt seg kortare enn dei normalt hadde det for Grand Ole Opry, men dette tilfredsstilte ikkje dei kritiske røystene.[127] Etter denne trøblete konserten, heldt bandet fram innspelinga av det nye albumet, det første som var utelukkande country. Parsons valde ut og song mange av songane. Den 8. juli, like før nokre konsertar i Sør-Afrika, forlet Parsons bandet fordi han ikkje ville spele i det raseskilde landet.[127]

Sweetheart of the Rodeo nådde berre 77. plass i USA, men vert i dag rekna som det første countryrockalbumet av eit stort rockeband, og kom ut seks månader før Dylan sitt Nashville Skyline. Det første countryrockalbumet vert ofte rekna å vere Parsons sitt eige Safe at Home, som vart spelt inn med bandet hans International Submarine Band. Safe At Home kom ut tidleg i 1968 på Lee Hazlewood sitt LHI Records. Kontrakten han hadde med Parsons skapte rettslege komplikasjonar for Columbia Records og for Parsons sjølv.[25] Parsons forlet namnet International Submarine Band og framtidige honorar. Samstundes erstatta eller gravla The Byrds vokalen til Parsons på tre av songane på Sweetheart of the Rodeo: «You Don't Miss Your Water», «The Christian Life», og «One Hundred Years from Now». Det er usemje om dette vart gjort på grunn av dei rettslege problema, noko Hillman har fortalt, eller om det vart gjort av kunstnariske årsaker.[128]

Etter Parsons forlet bandet, hyrte McGuinn og Hillman inn gitaristen Clarence White, som hadde spelt på enkelte songar på kvart Byrds-album sidan Younger Than Yesterday i 1967. Den nye besetninga hadde berre spelt i lag ei kort stund då White overtalte McGuinn og Hillman om å erstatte Kevin Kelley med Gene Parsons (ingen slektskap med Gram Parsons), som hadde spelt med White i Nashville West, eit anna banebrytande countryrock-band. Denne nye besetninga spelte to konsertar i lag[129] i oktober før Hillman slutta for å bli med Gram Parsons i det nye bandet Flying Burrito Brothers. McGuinn, som no var det einaste originale bandmedlemmet, hyrte inn bassist John York (som hadde spelt i Sir Douglas Quintet) som erstatning for Hillman og denne kvartetten spelte så inn Dr. Byrds & Mr. Hyde som kom ut i februar 1969. Det selde dårleg i USA, men ikkje så verst i Storbritannia.

I juli 1969 stod The Byrds øvst på plakaten på Schaefer Music Festival i Central Park i New York City, i lag med Miles Davis, Chuck Berry, Fleetwood Mac, Led Zeppelin, B.B. King, The Beach Boys, Frank Zappa og Patti LaBelle. Dei spelte òg på festivalen i 1970 og 1971.

I oktober 1969 gav bandet ut albumet Ballad Of Easy Rider. Singelen frå albumet var «Jesus Is Just Alright», som med eit liknande arrangement vart ein hit for The Doobie Brothers fire år seinare. Tittelsporet på albumet vart skriven av McGuinn (som utvida eit versepar skrive av Dylan) som eit musikalsk tema for hippiefilmen Easy Rider frå 1969. Både albumet og singelen selde godt på grunn av den populære filmen. Då albumet kom ut hadde John York forlate bandet fordi kjærasten hans ikkje ville la han dra på turne.[129] Han vart erstatta av bassisten Skip Battin, som hadde hatt noko suksess på hitlistene i 1959 som eine halvdelen av duoen Skip & Flip.

I 1970 gav The Byrds ut dobbeltalbumet (Untitled), som gjorde det godt i Storbritannia og moderat i USA. (Untitled) bestod av ei plate med konsertinnspelingar frå tidleg i 1970 ved Queens College og Felt Forum i New York,[130] og ei plate med studioinnspelingar, mellom anna «Chestnut Mare», «All The Things» og «Just a Season». Konsertplata inneheld ein 16 minutt lang versjon av «Eight Miles High», som utgjorde ei heil side av den originale LP-utgåva.

Den 23. juni 1971 gav bandet ut Byrdmaniax, som skuffa både kommersielt og kritisk, hovudsakleg på grunn av upassande instrumentering av produsent Terry Melcher. Melcher hadde gjort dette utan støtte frå bandet. Den 13. mai 1971 spelte the Byrds i Royal Albert Hall i London og fekk god kritikk. Heile denne konserten vart gjeven ut på plate i 2008.

I november 1971 gav The Byrds ut det 11. studioalbumet sitt, Farther Along. Tittelsporet på albumet vart sungen av Clarence White medan resten av bandet song harmonivokal. I juli 1973 vart White drepen av ein bil medan han bar utstyr etter ein konsert i Palmdale i California. Like etter døydde Gram Parsons av ein overdose morfin og alkohol i Joshua Tree Motel, òg i California.

McGuinn turnerte med the Byrds gjennom 1972, med trommeslagar John Guerin for Gene Parsons. Skip Battin og John Guerin anten slutta eller vart sparka etter ein konsert den 10. februar 1973 i Ithaca i New York og vart erstatta av Chris Hillman og Joe Lala for dei to siste konsertane den 23. og 24. februar.

Gjenforeiningar (1972–1973; 1988–1990)

endre

Dei fem originale Byrds-medlemmene kom saman igjen ein kort periode seint i 1972 (medan McGuinn framleis var på turne med CBS-utgåva av the Byrds) for å spele inn albumet Byrds. Albumet kom ut i mars 1973, mindre enn ein månad etter Columbia-utgåva av bandet spelte sin siste konsert. Albumet fekk blanda kritikk og ein planlagt turne for å støtte opp om albumet kom aldri til. Kvintetten spelte òg på «My New Woman», som finst på det sjølvtitulerte soloalbumet til Roger McGuinn frå 1973.

Seint i 1970-åra arbeidde McGuinn, Clark og Hillman av og på som ein trio (på liknande vis som Crosby, Stills & Nash og til ein mindre grad The Eagles), der dei turnerte og spelte inn album. Dei fekk òg ein liten hit med «Don't You Write Her Off» i mars 1979.[131] Somme av dei tidlegare og seinare konsertane vart omtalte som gjenforeningar av the Byrds. I 1979 hadde Clark forlate dei og dei to gjenverande spelte inn eit album som McGuinn-Hillman.

I 1970-åra prøvde McGuinn å varemerke namnet «The Byrds» for å hindre misbruk av det, men søknaden hans vart avslått.[132] Som følgje av dette vart det, i det minste delvis, rettslege stridar mellom medlemmene om kven som hadde eigarretten til namnet seint i 1980-åra. Clarke og Clark turnerte kvar for seg som The Byrds på denne tida, og frå 1989 og det meste av tida fram til 1993 turnerte Michael Clarke stundom som «The Byrds Featuring Michael Clarke» med tidlegare Byrd-medlem Skip Battin og nykomarane Terry Jones Rogers og Jerry Sorn. For å forsterke kravet sitt på namnet, og hindre dei andre ikkje-originale medlemmene frå å bruke det, spelte McGuinn, Hillman og Crosby fleire gjenforeniningskonsertar mellom 1988 og 1990, mellom anna ei kjend framføring på ein hyllestkonsert for Roy Orbison der dei i lag med Bob Dylan spelte «Mr. Tambourine Man». Desse konsertane enda opp med at McGuinn, Hillman og Crosby spelte inn fire nye songar for boksen The Byrds i 1990. Same året vart eit rettsleg krav mot Clarke og bookingagenten hans avslått. Ein domar avsa at gruppa til Clarke hadde nytta The Byrds-namnet lovleg. Etter kvart kom dei fram til eit forlik, der ein hindra at alle grupper utan McGuinn, Hillman og Crosby kunne bruke namnet «Byrds».

The Byrds vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1991. Dei originale medlemmene med Gene Clark, Michael Clarke, David Crosby, Chris Hillman og Roger McGuinn vart æra ved innlemminga. Gene Clarke døydde seinare same året og to år seinare døydde òg Michael Clarke. I 2004 sette Rolling Stone The Byrds på 45. plass på lista si over dei 100 største artistane gjennom tidene.[133]

Sjølv om både Hillman og Crosby har uttrykk interesse om å arbeide med McGuinn igjen om framtidige Byrds-prosjekt, har ikkje dette skjedd og alle tre har hatt suksessrike karrierar kvar for seg.

Medlemmer

endre

Originale medlemmer

Andre medlemmer

Diskografi

endre
For meir om dette emnet, sjå diskografien til The Byrds.

Kjelder

endre
  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 «Biography of The Byrds». Allmusic. Henta 13. oktober 2010. 
  2. 2,0 2,1 «Biography of Roger McGuinn». Allmusic. Henta 13. oktober 2010. 
  3. «Folk-Rock Overview». Allmusic. Henta 13. oktober 2010. 
  4. «Psychedelic Rock Overview». Allmusic. Henta 13. oktober 2010. 
  5. Bellman, Jonathan. (1997). The Exotic In Western Music. Northeastern Publishing. s. 351. ISBN 1-555-53319-1. 
  6. Smith, Chris. (2009). 101 Albums That Changed Popular Music. Oxford University Press. s. 32–34. ISBN 0-195-37371-5. 
  7. 7,0 7,1 Buckley, Peter. (2003). The Rough Guide to Rock. Rough Guides. s. 155–156. ISBN 1-84353-105-4. 
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 Einarson, John. (2005). Mr. Tambourine Man: The Life and Legacy of The Byrds' Gene Clark. Backbeat Books. s. 87–89. ISBN 0-87930-793-5. 
  9. Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965–1973). Jawbone Press. s. 117. ISBN 1-90600-215-0. 
  10. David, Fricke (2000). "Farther Along: The Byrds at Twilight" [CD booklet]. Album notes for Farther Along av The Byrds. Columbia/Legacy.
  11. «Byrds». ByrdWatcher: A Field Guide to the Byrds of Los Angeles. Henta 13. oktober 2010. 
  12. 12,0 12,1 «Biography of Gene Clark». Allmusic. Henta 13. oktober 2010. 
  13. Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 425–429. ISBN 0-95295-401-X. 
  14. Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 439–440. ISBN 0-95295-401-X. 
  15. Einarson, John. (2005). Mr. Tambourine Man: The Life and Legacy of The Byrds' Gene Clark. Backbeat Books. s. 293. ISBN 0-87930-793-5. 
  16. Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 445–447. ISBN 0-95295-401-X. 
  17. Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 510. ISBN 0-95295-401-X. 
  18. 18,0 18,1 18,2 «Biography of Michael Clarke». Allmusic. Henta 13. oktober 2010. 
  19. 19,0 19,1 19,2 Hjort, Christopher (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 16–17. ISBN 1-90600-215-0. 
  20. «Roger McGuinn: Founder of The Byrds». Roger McGuinn Home Page. Henta 13. oktober 2010. 
  21. «Musicians Associated with The Byrds: The New Christy Minstrels». ByrdWatcher: A Field Guide to the Byrds of Los Angeles. Henta 13. oktober 2010. 
  22. 22,0 22,1 «About...David Crosby». Crosby CPR Home Page. Arkivert frå originalen 4. juni 2010. Henta 13. oktober 2010. 
  23. Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 11. ISBN 1-90600-215-0. 
  24. Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 31. ISBN 0-95295-401-X. 
  25. 25,0 25,1 25,2 25,3 25,4 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 33–36. ISBN 0-95295-401-X. 
  26. David, Fricke (2001). Plateomslagstekst for The Preflyte Sessions av The Byrds [CD booklet]. Sundazed Records.
  27. 27,0 27,1 «In The Beginning». ByrdWatcher: A Field Guide to the Byrds of Los Angeles. Henta 13. oktober 2010. 
  28. Fricke, David (1990). Plateomslagstekst for The Byrds av The Byrds [booklet]. Columbia Records.
  29. 29,0 29,1 29,2 Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 19–20. ISBN 1-90600-215-0. 
  30. 30,0 30,1 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 38–40. ISBN 0-95295-401-X. 
  31. 31,0 31,1 31,2 31,3 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 541–547. ISBN 0-95295-401-X. 
  32. 32,0 32,1 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 52–55. ISBN 0-95295-401-X. 
  33. Creswell, Toby (2006). 1001 Songs: The Great Songs of All Time og the Artists, Stories og Secrets Behind Them. Da Capo Press. s. 59. ISBN 1-56025-915-9. 
  34. «Byrds FAQ: What instruments did they play?». Roger McGuinn Home Page. Henta 13. oktober 2010. 
  35. «Byrds FAQ: How og When did they get together?». Roger McGuinn Home Page. Henta 13. oktober 2010. 
  36. Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 21. ISBN 1-90600-215-0. 
  37. «Biography of Chris Hillman». Allmusic. Henta 13. oktober 2010. 
  38. 38,0 38,1 38,2 38,3 Einarson, John. (2005). Mr. Tambourine Man: The Life og Legacy of The Byrds' Gene Clark. Backbeat Books. s. 56–57. ISBN 0-87930-793-5. 
  39. Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 56–57. ISBN 0-95295-401-X. 
  40. 40,0 40,1 Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 24. ISBN 1-90600-215-0. 
  41. 41,0 41,1 Fricke, David (1996). "The Chimes of Freedom" [CD booklet]. Album notes for Mr. Tambourine Man av The Byrds. Columbia/Legacy.
  42. 42,0 42,1 42,2 42,3 Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 27–30. ISBN 1-90600-215-0. 
  43. 43,0 43,1 Unterberger, Richie. (2002). Turn! Turn! Turn!: The '60s Folk-Rock Revolution. Backbeat Books. s. 113–117. ISBN 0-87930-703-X. 
  44. Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 67–69. ISBN 0-95295-401-X. 
  45. Schinder, Scott; Schwartz, Andy (2007). Icons of Rock: An Encyclopedia of the Legends Who Changed Music Forever. Greenwood Press. s. 262. ISBN 0-313-33845-0. 
  46. Kubernik, Harvey. (2006). Hollywood Shack Job: Rock Music in Film og on Your Screen. University of New Mexico Press. s. 84. ISBN 0-82633-542-X. 
  47. Priore, Domenic. (2007). Riot on Sunset Strip: Rock 'n' Roll's Last Stand in 60s Hollywood. Jawbone Press. ISBN 1-90600-204-5. 
  48. Hoffmann, Frank. (2004). Encyclopedia of Recorded Sound (2nd utg.). Routledge. s. 148. ISBN 0-41593-835-X. 
  49. «Folk Rock: An Overview». Richieunterberger.com. Henta 13. oktober 2010. 
  50. Kitts, Jeff.; Tolinski, Brad (2002). Gitar World Presents the 100 Greatest Gitarists of All Time. Hal Leonard. s. 85. ISBN 0-63404-619-5. 
  51. Schinder, Scott; Schwartz, Andy (2007). Icons of Rock: An Encyclopedia of the Legends Who Changed Music Forever, Volume 1. Greenwood. s. 262. ISBN 0-31333-846-9. 
  52. «Mr. Tambourine Man». ByrdWatcher: A Field Guide to The Byrds of Los Angeles. Henta 13. oktober 2010. 
  53. 53,0 53,1 Unterberger, Richie. (2002). Turn! Turn! Turn!: The '60s Folk-Rock Revolution. Backbeat Books. s. 107. ISBN 0-87930-703-X. 
  54. Dean, Maury. (2003). Rock 'n' Roll Gold Rush: A Singles Un-Cyclopedia. Algora Publishing. s. 200. ISBN 0-87586-207-1. 
  55. Whitburn, Joel. (2008). Top Pop Singles 1955-2006. Record Research Inc. s. 130. ISBN 0-89820-172-1. 
  56. 56,0 56,1 56,2 Brown, Tony. (2000). The Complete Book of the British Charts. Omnibus Press. s. 130. ISBN 0-7119-7670-8. 
  57. «Mr. Tambourine Man song review». Allmusic. Henta 13. oktober 2010. 
  58. 58,0 58,1 Whitburn, Joel. (2002). Top Pop Albums 1955-2001. Record Research Inc. s. 121. ISBN 0-89820-147-0. 
  59. 59,0 59,1 «Mr. Tambourine Man album review». Allmusic. Henta 13. oktober 2010. 
  60. Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 83–87. ISBN 0-95295-401-X. 
  61. «I'll Feel A Whole Lot Better cover versions». Allmusic. Arkivert frå originalen 12. oktober 2009. Henta 13. oktober 2010. 
  62. Dimartino, Dave. (1994). Singer-Songwriters: Pop Music's Performer-Composers, from A to Zevon. Billboard Books. s. 38. ISBN 0-82307-629-6. 
  63. Simmonds, Jeremy. (2008). The Encyclopedia of Dead Rock Stars: Heroin, Handguns og Ham Sandwiches. Chicago Review Press. s. 275. ISBN 1-55652-754-3. 
  64. Einarson, John. (2005). Mr. Tambourine Man: The Life og Legacy of The Byrds' Gene Clark. Backbeat Books. s. 65. ISBN 0-87930-793-5. 
  65. Rogan, Johnny (1996). Plateomslagstekst for Mr. Tambourine Man av The Byrds [CD booklet]. Columbia/Legacy.
  66. 66,0 66,1 Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 39. ISBN 1-90600-215-0. 
  67. 67,0 67,1 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 81–82. ISBN 0-95295-401-X. 
  68. Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 57. ISBN 1-90600-215-0. 
  69. Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 123–124. ISBN 0-95295-401-X. 
  70. Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 128. ISBN 0-95295-401-X. 
  71. 71,0 71,1 71,2 71,3 «Turn! Turn! Turn! song review». Allmusic. Henta 13. oktober 2010. 
  72. Unterberger, Richie. (2002). Turn! Turn! Turn!: The '60s Folk-Rock Revolution. Backbeat Books. s. 183. ISBN 0-87930-703-X. 
  73. «Turn! Turn! Turn! album review». Allmusic. Henta 13. oktober 2010. 
  74. Wadhams, Wayne; Nathan, David (2001). Inside the Hits: The Seduction of a Rock og Roll Generation. Berklee Press. s. 244. ISBN 0-63401-430-7. 
  75. Rogan, Johnny (1996). Plateomslagstekst for Turn! Turn! Turn! av The Byrds [CD booklet]. Columbia/Legacy.
  76. Einarson, John. (2005). Mr. Tambourine Man: The Life og Legacy of The Byrds' Gene Clark. Backbeat Books. s. 80. ISBN 0-87930-793-5. 
  77. Fricke, David (1996). "Turning Point: "Shindig", Scripture & "Oh! Susannah"" [CD booklet]. Album notes for Turn! Turn! Turn! av The Byrds. Columbia/Legacy.
  78. 78,0 78,1 Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 79. ISBN 1-90600-215-0. 
  79. «Set You Free This Time song review». Allmusic. Henta 13. oktober 2010. 
  80. Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 75. ISBN 1-90600-215-0. 
  81. Fricke, David (1996). "The New Frontier" [CD booklet]. Album notes for Fifth Dimension av The Byrds. Columbia/Legacy.
  82. Palmer, Robert. (1995). Rock & Roll: An Unruly History. Harmony. s. 165. ISBN 0-51770-050-6. 
  83. Rounds, Dwight. (2007). The Year the Music Died: 1964-1972. Bridgeway Books. s. 59. ISBN 1-93353-869-4. 
  84. Buckley, Peter. (2003). The Rough Guide to Rock. Rough Guides. s. 201. ISBN 1-84353-105-4. 
  85. 85,0 85,1 85,2 85,3 Einarson, John. (2005). Mr. Tambourine Man: The Life og Legacy of The Byrds' Gene Clark. Backbeat Books. s. 85–86. ISBN 0-87930-793-5. 
  86. Bellman, Jonathan. (1997). The Exotic In Western Music. Northeastern Publishing. s. 351. ISBN 1-555-53319-1. 
  87. Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 152. ISBN 0-95295-401-X. 
  88. Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 620. ISBN 0-95295-401-X. 
  89. 89,0 89,1 «Fifth Dimension». ByrdWatcher: A Field Guide to the Byrds of Los Angeles. Henta 14. oktober 2010. 
  90. 90,0 90,1 Lavezzoli, Peter. (2007). The Dawn of Indian music in the West. Continuum International Publishing Group. s. 155–157. ISBN 0-826-42819-3. 
  91. Crosby, David. (1990). Long Time Gone: The Autobiography of David Crosby. Mandarin Paperbacks. s. 99. ISBN 0-7493-0283-6. 
  92. 92,0 92,1 92,2 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 158–161. ISBN 0-95295-401-X. 
  93. Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 92. ISBN 1-90600-215-0. 
  94. Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 84–87. ISBN 1-90600-215-0. 
  95. 95,0 95,1 95,2 Einarson, John. (2005). Mr. Tambourine Man: The Life og Legacy of The Byrds' Gene Clark. Backbeat Books. s. 87–89. ISBN 0-87930-793-5. 
  96. 96,0 96,1 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 165–167. ISBN 0-95295-401-X. 
  97. «Fifth Dimension album review». Allmusic. Henta 14. oktober 2010. 
  98. 98,0 98,1 Rogan, Johnny (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 178–179. ISBN 0-95295-401-X. 
  99. 99,0 99,1 99,2 Rogan, Johnny (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 622–624. ISBN 0-95295-401-X. 
  100. Hjort, Christopher (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 113. ISBN 1-90600-215-0. 
  101. Fricke, David (1996). "Fame og Misfortune: The End of the First Golden Era" [CD booklet]. Album notes for Younger Than Yesterday av The Byrds. Columbia/Legacy.
  102. 102,0 102,1 102,2 «Younger Than Yesterday». ByrdWatcher: A Field Guide to the Byrds of Los Angeles. Henta 14. oktober 2010. 
  103. 103,0 103,1 Hjort, Christopher (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 118–120. ISBN 1-90600-215-0. 
  104. 104,0 104,1 104,2 104,3 «Younger Than Yesterday album review». Allmusic. Henta 14. oktober 2010. 
  105. 105,0 105,1 105,2 «The Notorious Byrd Brothers». ByrdWatcher: A Field Guide to the Byrds of Los Angeles. Henta 14. oktober 2010. 
  106. 106,0 106,1 106,2 106,3 Fricke, David (1997). "The End of the Innocence" [CD booklet]. Album notes for The Notorious Byrd Brothers av The Byrds. Columbia/Legacy.
  107. Hjort, Christopher (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 152. ISBN 1-90600-215-0. 
  108. 108,0 108,1 Rogan, Johnny (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 237–238. ISBN 0-95295-401-X. 
  109. «Easy Rider: Original Soundtrack». Allmusic. Henta 14. oktober 2010. 
  110. Hjort, Christopher (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 157–158. ISBN 1-90600-215-0. 
  111. «The Byrds – The Notorious Byrd Brothers SACD review» (PDF). Music Tap. Henta 14. oktober 2010. [daud lenkje]
  112. 112,0 112,1 Rogan, Johnny (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 221–223. ISBN 0-95295-401-X. 
  113. 113,0 113,1 113,2 Rogan, Johnny (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 232–234. ISBN 0-95295-401-X. 
  114. Selvin, Joel. (1992). Monterey Pop. Chronicle Books. s. 54. ISBN 0-8118-0153-5. 
  115. Menck, Ric. (2007). The Notorious Byrd Brothers (33⅓ series). Continuum Books. s. 75. ISBN 0-8264-1717-5. 
  116. Hjort, Christopher (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 138. ISBN 1-90600-215-0. 
  117. 117,0 117,1 117,2 117,3 Hjort, Christopher (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 143–146. ISBN 1-90600-215-0. 
  118. Rogan, Johnny (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 228. ISBN 0-95295-401-X. 
  119. 119,0 119,1 119,2 Menck, Ric. (2007). The Notorious Byrd Brothers (33⅓ series). Continuum Books. s. 80–82. ISBN 0-8264-1717-5. 
  120. «Crown of Creation album review». Allmusic. Henta 14. oktober 2010. 
  121. 121,0 121,1 Einarson, John. (2005). Mr. Tambourine Man: The Life og Legacy of the Byrds' Gene Clark. Backbeat Books. s. 126–127. ISBN 0-87930-793-5. 
  122. Fricke, David (1997). "A Trip to the Country" [CD booklet]. Album notes for Sweetheart of the Rodeo av The Byrds. Columbia/Legacy.
  123. 123,0 123,1 123,2 «Gram Parsons - The Byrds: 1968». ByrdWatcher: A Field Guide to the Byrds of Los Angeles. Henta 14. oktober 2010. 
  124. 124,0 124,1 124,2 124,3 «Sweetheart of the Rodeo». ByrdWatcher: A Field Guide to the Byrds of Los Angeles. Henta 14. oktober 2010. 
  125. Rogan, Johnny (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 253–254. ISBN 0-95295-401-X. 
  126. Brant, Marley (1990). Plateomslagstekst for GP/Grievous Angel av Gram Parsons [CD booklet]. Reprise Records.
  127. 127,0 127,1 127,2 Fricke, David. (2003). Sweatheart of the Rodeo: Legacy Edition (2003 CD liner notes). 
  128. Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). 
  129. 129,0 129,1 The Byrds (part 2): Farther Along
  130. Fricke, David (2000). (Untitled)/(Unissued) (2000 CD liner notes)
  131. Whitburn, Joel (2008). Top Pop Singles 1955-2006. Record Research Inc. s. 556. ISBN 0-89820-172-1. 
  132. Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited. Rogan House. s. 424. ISBN 0-95295-401-X. 
  133. «100 Greatest Artists of All Time - #45: The Byrds». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 19. mai 2010. Henta 14. oktober 2010. 
  • Fong-Torres, Ben (1998). "The Byrds". I The Encyclopedia of Country Music. Red. Paul Kinsgbury. New York: Oxford University Press. s. 71–2.

Bakgrunnsstoff

endre
  NODES
composer 1
HOME 6
Intern 4
iOS 7
mac 2
musik 27
Note 9
os 71