Theodor von Oppolzer
Theodor von Oppolzer (26. oktober 1841–26. desember 1886) var ein austerriksk astronom og matematikar av bøhmisk opphav.[1][2]
Theodor von Oppolzer | |||
Theodor von Oppolzer | |||
Fødd | 26. oktober 1841 Praha i Det austerrikske keisardømet | ||
---|---|---|---|
Død | 26 desember 1886 Wien i Austerrike-Ungarn | ||
Nasjonalitet | Keisardømet Austerrike, Cisleithania | ||
Område | astronom og matematikk | ||
Yrke | matematikar, astronom | ||
Institusjonar | Universitetet i Wien | ||
Alma mater | Universitetet i Wien | ||
Ektefelle | Coelestina Mautner von Markhof | ||
Barn | Hilda von Oppolzer, Egon von Oppolzer, Agathe Freiin von Distler | ||
Medlem | Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina Det austerrikske vitskapsakademiet Det bayerske vitskapsakademiet Det ungarske vitskapsakademiet National Academy of Sciences |
Etter å ha teke den medisinske doktorgraden i 1864, vigde han seg heilt til astronomien. Han var professor i Wien frå 1875 og arbeidde særleg med utrekning av komet- og planetbanar. Dei viktigaste publikasjonane hans var Lehrbuch der Bahnbestimmung der Planeten und Kometen (1870 og 1880), og Canon der Finsternisse (1887), som inneheld elementa for alle sol- og måneformørkingar i tidsrommet 1205 f.Kr. til 2161 e.Kr.
Han var son av fysikaren Johann Ritter von Oppolzer.
Krateret Oppolzer på månen og asteroiden 1492 Oppolzer er namnsette etter han. I tillegg var asteroiden 237 Coelestina namnsett etter kona hans og 153 Hilda og 228 Agathe etter dei to døtrene hans.
Kjelder
endre- ↑ E. Weiss, "Nekrolog über Theodor von Oppolzer", Astronomische Nachrichten, 1,6 (1887), 95-96.
- ↑ E.W., "Professor Theodor von Oppolzer", Monthly Notices of the Royal Astronomical Society, 47 (1887), 145-147.
- «Theodor von Oppolzer», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 13. august 2014