Thomas Gold (22. mai 192022. juni 2004) var ein austerriksk-amerikansk astrofysikar utdanna i Storbritannia, før han emigrerte til USA i 1956.

Thomas Gold
Fødd22. mai 1920(1920-05-22)
Wien i Austerrike
Død22. juni 2004 (84 år)
Ithaca i New York
NasjonalitetAusterrike
OmrådeAstrofysikk, astronomi, biofysikk,
kosmologi, geofysikk, romfartsteknikk
Yrkeastronom, flyingeniør, astrofysikar, ingeniør, fysikar, universitetslærar, biofysiker, geofysikar, akademikar
InstitusjonarHarvard University
Cornell University
University of Cambridge
Alma materTrinity College, Cambridge
DoktorgradsrettleiarR. J. Pumphrey
DoktorgradsstudentarStanton J. Peale
Peter Goldreich
Kjend forSteady State-teorien, Abiotisk petroleum
EktefelleMerle Gold
MedlemRoyal Society
National Academy of Sciences
American Academy of Arts and Sciences
American Philosophical Society

Gold var professor ved Cornell University og direktør for Central Radio-physics and Space Research frå 1959. Gold utførte pionerarbeid innan kosmologi, plasmafysikk, radioastronomi og planetfysikk. Han sette fram ei rekkje (til dels kontroversielle) teoriar, mellom anna steady-state-teorien innafor kosmologi (saman med Fred Hoyle og Hermann Bondi), teoriar for naturen og opphavet til pulsarane, strukturen til måneoverflata og jordmagnetiske stormar.

Kjelder

endre
  NODES