Tokelauaisk er eit polynesisk språk i den malayopolynesiske greina av den austronesiske språkfamilien. Tokelauisk blir snakka av dei rundt 1 700 innbyggjarane på Tokelau, og dessutan av kring 2 900 personar på New Zealand. Eit av dei næraste slektsspråka er samoansk.[2]

Tokelauisk
gagana Tokelau
Klassifisering Austronesisk
 Malayo-polynesisk
  Austleg
   Oseanisk
    Polynesisk
     Kjernepolynesisk
      Tokelauisk
Bruk
Tala i  Tokelau
 New Zealand
Tokelauisktalande i alt 370 337[1]
Skriftsystem Det latinske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-2 tkl
ISO 639-3 tkl
Glottolog toke1240

Fonologi og ortografi

endre

Vokalar

endre

Tokelauisk har eit typisk polynesisk vokalsystem, med fem vokalar som kan vere korte eller lange.

Fremre Bakre
Lukka i u
Halvopen e o
Open ɑ

Kjelde: omniglot.com[3]

 
Ei side frå grunnlova til Tokelau, på tokelauisk.

I den tokelauiske ortografien er dei lange vokalane skrive med makron, slik: ā, ē, ī, ō, ū´. Det er ein viss tendens til å merke vokallengd berre når det eksisterer minimale par (som t.d. afi ‘eld’ vs. afī ‘ei pakke beståande av mat’ eller taua ‘krig’ vs. tāua ‘eg og du’), men normert tokelauisk, som t.d. grunnlova (til høgre) eller Det nye testamentet,[treng kjelde][4] markerer lange vokalar uavhengig av om dei er del av eit minimalt par eller ikkje.

Konsonantar

endre

Tokelauisk har, som alle polynesiske språk, eit svært lite konsonantsystem, for tokelauisk sin del beståande av 10 konsonantar. Der det i same rute i tabellen står to teikn står den ustemde til venstre.

Bilabial Labiodental Alveolar Velar Glottal
Nasal m n
Plosiv p t k ŋ
Frikativ f v h
Approximant l

Kjelde: omniglot.com[3] Fonema blir skrivne med same symbol som i tabellen, med tre unntak: Lyden /ŋ/ blir skrive med <g>, slik: <agāga> [aŋa:ŋa] "sjel, ande". Lyden referert til som /f/ og skrive som <f> er ein labio-glottal bilabial ustemt frikativ [ɸ̰], dvs. som ein w- og ein h-lyd samstundes. /h/-lyden er ein glottal frikativ, som i norsk h, men framfor bakre vokalar /a, o, u/ er han palatalisert til [hʸ], dvs. til ein lyd som kan minne om ein norsk kj-lyd.

Ortografi

endre

Tokelauisk blir skrive med det latinske alfabetet. Lange vokalar blir markert med makron (t.d. ā for [aː]).

Skriftsystemet for tokelauiske ord inneheld følgjande bokstavar: A, E, I, O, U, F, G, K, L, M, N, P, H, T, V.[3]. Legg merke til at det tokelauiske alfabetet blir sortert på same måte, slik at t.d. autu, ‘grøft’, blir alfabetisert før alofilia, ‘handflate’. Dei lange vokalane Ā, Ē, Ī, Ō, Ū blir sortert på same nivå som dei tilsvarande korte, men likevel etter dei.

Grammatikk

endre

Nominalfraser

endre

Nominalfraser i tokelauisk har følgjande struktur, der fakultative element står i parantes, og obligatoriske i feite typar (Hooper s. 19):

  • (preposisjon)
  • determinativ
  • (possessivpronomen)
  • (premodifikator)
  • kjerne
  • (postmodifikator)
  • (demonstrativ)

Nominalfrasar utan preposisjon er subjekt i setninga, dvs. berre ein nominalfrase i setninga er utan preposisjon.

Tokelauisk i samfunnet

endre

Den første Bibelen på tokelauisk vart publisert i 2021. Sjølve omsetjingprosessen tok 23 år og vart overvaka av Ioane Teao.[5] I kyrkjene har ein tradisjonelt nytta samoisk, dette kjem å bli endra når heile Bibelomsetjing blir fullført. Den nye Bibelen er basert på engelske og samoanske bibelomsetjingar.[6]

Ein årleg fest er det tokelauiske språkets veke (tokelauisk Te vāiaho o te gagana Tokelau, engelsk Tokelau Language Week) som blir feira for å utvida medvitet om språket og den tokelauanske kulturen. Under veka lærer den eldre generasjonen ut tradisjonar til yngre generasjonar.[7]

Kjelder

endre
  1. Ethnologue-tal frå 1999
  2. «Glottolog 4.2.1 - Tokelau». glottolog.org. Henta 12. mai 2020. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Tokelauan language, alphabet and pronunciation». omniglot.com. Henta 12. mai 2020. 
  4. Referanse kjem i fotnote
  5. «Translation work completed on world’s first Tokelauan Bible» (på engelsk). Anglican Communion News Service. 19. juli 2019. Henta 13. mai 2020. 
  6. «Tokelauan community changing the language of God from Samoan» (på engelsk). RNZ News. 25. oktober 2017. Henta 13. mai 2020. 
  7. «Tokelau Language Week: 'Treasures of our culture'». RNZ (på engelsk). 30. oktober 2019. Henta 12. mai 2020. 
  NODES
COMMUNITY 1
Note 1