Tolga kommune

kommune i Innlandet fylke i Noreg

Tolga er ein kommune i Nord-Østerdal i Innlandet fylke. Han grensar til Os kommune i nord, Engerdal og Rendalen i sør og til Tynset i vest. Tettstaden Tolga er administrasjonssenter.

Tolga kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Adm.senter Tolga
Areal 1 123 km²
 •  land 1 101 km²
 •  vatn 22 km²
Folketal 1 604  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Bjørnar Tollan Jordet (SV)
Kommunenr. 3426
Kart
Tolga kommune
62°24′05″N 11°01′20″E / 62.401388888889°N 11.022222222222°E / 62.401388888889; 11.022222222222
Kart som viser Tolga kommune.
Kart som viser Tolga kommune.
Kart som viser Tolga kommune.
Wikimedia Commons: Tolga
Nettstad: www.tolga.kommune.no

Kommunen har ei flatevidd på over 1100 km², men har færre enn 1700 innbyggjarar. 2,4 % av arealet er dyrka mark, medan 2/3 av arealet er snaufjell. Nærare 20 % av arealet i kommunen er verna, og Forollhogna nasjonalpark, som delvis ligg i kommunen, er størst og mest kjend.

Geografi

endre

Tolga ligg langs Glåma, som renn gjennom hovuddalføret i kommunen. Grendene søraust for Glåma ligger langs Holavassdraget som renner ut i Trysilelva via Isteren.

Klima

endre

Tolga har innlandsklima med lite nedbør, kalde vintrar og relativt kjølige somrar grunna høgda si over havet. Det er ganske store skilnader mellom dag- og nattetemperaturen i sommarhalvåret. Normalverdier for perioden 1961−1990 er gjeven i tabellen nedenfor.

Normalar for Tolga (565 moh.)[1] Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Temperaturnormal (°C) −12,5 −10,7 −5,7 −0,4 6,1 10,6 11,9 10,7 6,2 1,6 −5,8 −10,4 0,1
Nedbør (mm) 26 21 22 19 31 53 77 60 55 41 33 32 470

Historikk

endre

Tolga vart oppretta som Tolga formannskapsdistrikt i 1837.

1. januar 1911 vart det gjennomført grensejusteringar i Tolga, Trysil, Ytre- og Øvre Rendal kommunar for å opprette Engerdal kommune. Eit område med 201 innbyggjarar frå Tolga vart overført til den nye kommunen.

I 1926 vart Tolga delt og Os skild ut som eigen kommune. Etter delinga hadde Tolga 1 917 innbyggjarar.

1. januar 1966 vart Tolga og Os kommunar slegne saman til den nye Tolga-Os kommune. Tolga hadde ved samanslåinga 1 944 innbyggjarar.

1. januar 1976 vart Tolga-Os delt på nytt i Tolga og Os. Tolga kommune hadde eit innbyggjartal på 1 865 etter delinga. Kommunen høyrde til Hedmark fylke fram til fylkessamanslåinga i 2020, då Hedmark blei del av Innlandet fylke.

Næringsliv og kommunikasjon

endre

Næringslivet er hovudsakleg orientert rundt landbruk. Tradisjonelt har landbruket i kommunen vore dominert av mjølkeku og sau, og det er framleis ca. 90 leverandørar av kumjølk i kommunen. Kyllingproduksjon har fått eit stort oppsving i nyare tid, og det er no ca. 10 kyllingprodusentar i kommunen.

Tolga-Os Sparebank er saman med Grue Sparebank dei eneste gjenverande lokalbankene i Hedmark. Banken har hovudkontor på Tolga, avdelingar på Os, Tynset og Elverum. Filialane i Vingelen og Dalsbygda blei lagt ned i 2008.[2]

TINE Meieriet Øst hadde eit av meierianlegga sine like sør for sentrum. Produksjonen var blant anna smør, fløyteblanding for iskrem, syrekasein og løypekasein. Meieribygget er moderne, og blei bygd på 1990-talet. I 2008 valde TINE likevel å leggja ned meieriet. Staur Foods AS driv i dag blant anna pizzaproduksjon i dei gamle meierilokala.

Avisa Arbeidets Rett, som kjem ut på Røros, og Østlendingen som kjem ut i Elverum dekkjer begge hendingar i Tolga.

Rørosbanen går gjennom kommunen, og Tolga stasjon ligg midt i sentrum. Jernbanen går på austsida av Glåma.

På vestsida av Glåma går Riksveg 30. Kjører ein sørover kommer ein til Tynset, og nordover til Os og Røros. I Tolga sentrum går Riksveg 26 søraustover gjennom Hodalen og Øversjødalen mot Femunden, Engerdal og Trysil.

Kultur

endre

Tolgamålet er ein av dei få norske dialektane med kasusformer.

Kommunevåpenet er utforma slik: Tolga kommunes våpen blir: I rødt ei gull klokke. Tolga kommunes flagg blir: I rødt ei gul klokke. Motivet er klokka frå den gamle smeltehytta på Tolga, og er teikna av Jarle Skuseth. Det blei godkjent i 1989.

Museum

endre

I sentrum ligg Dølmotunet gardsmuseum, eit komplett gammalt gardsbruk med mange bygningar som er fylt med aktivitetar, dyr og budeier på sommarstid. Sætersgårds Samlinger ligg i lokala til Tolga skole, og inneheld lokale gjenstandar frå steinalderen til 1800-talet.

I Rausjødalen søraust i kommunen ligg Rausjødalen Setermeieri frå 1856, som var det første samverkemeieriet i Noreg.

I Vingelen ligger Vingelen kirke- og skolemuseum, med vekt på skole- og kyrkjehistorie. Det ligg også ei gammal østerdalsstue ved museet. Ho er frå 1697, og har sist vore brukt som diktarstove for Eystein Eggen.

Hangar 10 (H-10) i sentrum har ei stor utstilling av gjenstandar/fragment som viser fly og militærhistorie i Østerdalen/Fjellregionen.

Idrett

endre

I Tolga kommune finn ein fleire idrettslag, det største er Tolga Idrettslag. Fotballklubben Tolga-Vingelen FK er også kjend.

Turskirennet Ekebergrennet går i påsken. På Tolga er det sjekkpunkt for Femundløpet.

Kjende personar frå Tolga kommune

endre

Kjelder

endre
  1. eklima.no, arkivert frå originalen 14. juni 2004, henta 6. juni 2020 
  2. retten.no: «To filialer legges ned»

Bakgrunnsstoff

endre
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
  NODES
admin 1