Turid Thomassen

norsk politikar

Turid Thomassen (fødd 19. april 1965) er ein norsk politikar frå Stathelle i Bamble kommune som var leiar i Raudt frå 2010 til 2012.

Turid Thomassen

Fødd19. april 1965 (59 år)
Porsgrunn
Statsborgar avNoreg
PartiRaudt
Yrkepolitikar, fagforeiningsleiar
InstitusjonarHøgskolen i Lillehammer
EktefelleAksel Hagen
VervLeiar i Raudt 2010–2012
FøregangarTorstein Dahle
EtterfylgjarBjørnar Moxnes
Alle verv

Karriere

endre

Thomassen tok over vervet som leiar etter Torstein Dahle. Før ho vart partileiar, var ho ein markant lokalpolitikar i Lillehammer, der ho har vore kommunestyrerepresentant sidan 1999. Ho har òg sete i landsstyret i Raudt og RV i mange år. Fram til ho vart leiar i Raudt, jobba ho som konsulent på Høgskolen i Lillehammer. Ho er gift med SV-politikaren Aksel Hagen, som sit på fylkestinget i Oppland.

Thomassen er oppteken av fagleg-politisk arbeid, og har vore tillitsvald i Norsk Tenestemannslag. Elles er ho særleg engasjert seg i internasjonalt arbeid, mellom anna for Palestina.[1]

Kjelder

endre
Referansar

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Turid Thomassen
  NODES
INTERN 1