58°21′N 11°55′E / 58.350°N 11.917°E / 58.350; 11.917 Uddevalla er ein by i Sverige og administrasjonssenter (centralort) i Uddevalla kommun i Västra Götalands län. I 2005 hadde byen 30 513 innbyggjarar. Han er den største byen som ligg heilt innanfor landskapet Bohuslän, som før 1658 for det meste var ein del av Noreg.

Uddevalla
Symbol
Land  Sverige
Areal 2 034 km²
Folketal 35 639 (31. desember 2023)
Kart
Uddevalla
58°20′57″N 11°56′17″E / 58.349166666667°N 11.938055555556°E / 58.349166666667; 11.938055555556
Wikimedia Commons: Uddevalla

Uddevalla oppstod som handelsplass i mellomalderen og fekk bystatus i 1498. Lenge var økonomien basert på eksporthandel og sterkt konjunkturutsatt. Industrialiseringa på 1800-talet gav byen eit meir variert næringsliv. Fram til Roskilde-freden i 1658 tilhøyrte byen, som resten av Bohuslän, Noreg. Den heitte då (med forskjellige skrivemåter) Oddevoll. Namnet Oddevold lever att i fotballklubben IK Oddevold.

Den norske vennskapsbyen til Uddevalla er Skien.

Galleri

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Uddevalla
  NODES
admin 1