Ultralyd er lyd med ein frekvens som er høgare enn det eit menneskeleg øyre kan høyre. Til vanleg er denne grensa om lag 20 kilohertz hos unge. Nokre dyr, til dømes hundar, delfinar og flaggermus kan høyre høgare frevensar enn mennesket, desse kan altså høyre delar av ultralyd-området. Ultralyd blir nytta innanfor tekniske fag og medisin.

Teknisk bruk

endre
  • Ekkolodd
  • Utveksling av informasjon, til dømes i eldre fjernkontrollar til fjernsynsapparat
  • Undersøking av metall for skjulte feil
  • Forstøving og blanding av væsker, til dømes luftfuktarar og inhalasjonsapparat.
  • Reingjering av smykke

Medisinsk bruk

endre
 
Ein ekkograf, eit apparat for å overvaka ultralyd

Grovt sett kan ein dele medisinsk bruk av ultralyd i tre:

  • Diagnostisk
  • Terapeutisk med middels energiinhald, til dømes for å varme opp musklar
  • Terapeutisk med høgt energiinhald, til dømes for å knuse nyrestein

Diagnostikk

endre

Ultralyd blei først nytta diagnostisk for å sjå på hjarte; ekkokardiografi. Ultralyd blir også nytta for å sjå anna vev, indre organ, ledd, dei store blodkara, innan nevrologien og for å sjå på foster under graviditeten. Ultralyd for diagnostikk er basert på lydbølgjer i området 1 til 15 megahertz som blir sendt og motteke av ein transdusar, signala blir gjort om til bilete, kurvar eller lydsignal.

Ultralyddiagnostikk skil seg frå dei fleste andre former for bilet-diagnostiske undersøkingar med kvaliteten er sterkt avhengig av korleis datainnsamlinga vert utført, så undersøkinga er operatøravhengig. I Noreg er det oftast legar som gjer ultralydundersøkingar, eit untak er undersøkingar av foster som òg blir gjort av jordmødre. Ved nokre større norske sykehus blir ekkokardiografi gjort av spesielt utdanna personale.

Legar får si opplæring i ultralyddiagnostikk som ein del av si spesialisering, jordmødre har eit videreutdanningstilbod i ultralyd ved NTNU i samarbeid med Nasjonalt Senter for Fostermedisin.

Bakgrunnsstoff

endre
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
  NODES
Done 1